Historisk arkiv

Presseinformasjon

Lanseringa av Noregs kandidatur for eit sete i FNs tryggingsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Fredag 22. juni er H.K.H. kronprins Haakon og utanriksminister Ine Eriksen Søreide i New York for formelt å lansere Noregs kampanje for eit sete i FNs tryggingsråd.

- Vårt kandidatur til Tryggingsrådet er ledd i ein langsiktig politikk for å fremme internasjonal fred og konfliktløysing og ivareta våre interesser i FN og multilateralt samarbeid. Som eit land med stort internasjonalt engasjement tek Noreg sitt ansvar og søkjer medlemskap i Tryggingsrådet, seier utanriksministeren.
 
Noregs kandidatur vert lansert med ei mottaking i FN-hovudkvarteret 22. juni. Alle FNs medlemsland er inviterte. Det vil vere kulturelle innslag ved den internasjonalt anerkjende fiolinisten Eldbjørg Hemsing og DJ Adipop (Adiele Helen Kruger Arukwe).
 
- Noreg har ei grunnleggjande interesse av å støtte opp under FN, folkeretten og ein regelbasert verdsorden basert på FN-pakta. Folkeretten er grunnlaget for stabile rammevilkår for Noregs tryggleik, velstand og verdiar, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
 
Tryggingsrådet er FNs viktigaste organ med mandat til å fatte folkerettsleg bindande vedtak for internasjonal fred og tryggleik, medrekna fredeleg konfliktløysing, fredsoperasjonar, sanksjonar og maktbruk. Rådet har fem faste og ti valde medlemer. Noreg konkurrerer med Canada og Irland om dei to plassane som er på val for vestgruppa i perioden 2021-2022.
 
Det blir møte med presse fredag 22. juni klokka 10 i Rosehagen utanfor FN-bygninga.
 
Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, mobil 976 71 250