Historisk arkiv

Frå individ til laglærar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Etterutdanningstilbodet ”Ungdomstrinn i utvikling” har ført til tettare og betre samarbeid mellom lærarane, viser ein ny rapport.

”Skolene har løftet blikket fra hva elevene gjør til hva lærerne gjør, og denne bevisstgjøringen har ført til utvikling og forbedring”, står det i ein rapport frå fylkesmennene til Utdanningsdirektoratet.

 – Lærarløftet er ei samling tiltak som skal gjera skolen enda betre. Ungdomstrinn i utvikling er ein viktig del av denne satsinga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ungdomstrinn i utvikling er ei nasjonal satsing med tilbod om støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Alle skolar med ungdomstrinn får tilbod om å delta i perioden frå 2013 til 2017. Ressurslærarar og skoleeigarar deltek på utviklingssamlingar i regi av Utdanningsdirektoratet over eit og eit halvt år.

– Målet er at eleven skal læra meir. Lærarar som samarbeider meir systematisk og støttar kvarandre fagleg skal bidra til dette. Rapportane frå fylkesmennene gir oss tilbakemeldingar på kva som fungerer i satsinga, og kva som kan bli betre no når neste pulje skal i gang. Fylkesmenne rapporterer gjennomgåande om store forbetringar knytta til lærarane sin praksis i klasserommet, kollegasamarbeid og skoleutvikling, oppsummerer kunnskapsministeren

Rapporten frå fylkesmennene

Meir om Ungdomstrinn i utvikling: http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/