Historisk arkiv

Lærerikt møte i SOS-barnebyen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) fekk lære av fosterforeldre og born om dei forsterka fosterheimane til SOS-barnebyer utanfor Bergen.

- Vi har utfordringar med å skaffe nok fosterfamiliar og ta vare på dei og borna på ein god måte. Derfor er det spennande å sjå denne måten å gjere det på, seier Horne.

Den fyrste, og til no einaste, barnebyen i Norge vart opna i 2008. Den tilbyr åtte familiehus, felleshus med aktivitetsrom, gymsal, musikk- og hobbyrom. I dag er det 17 born og ni fosterforeldre i barnebyen. Familiehusa er heimen til borna, og dersom nokre av SOS-foreldra sluttar er det dei som flyttar, ikke borna. Barnebyen har rammeavtale med Bufetat.

- Dette prosjektet gir stabilitet og trygghet for borna, gir ei tett og god oppfølging av fosterforeldre og er spesielt tilrettelagt for å ivareta sysken, seier Horne.

Politisk leiing i BLD fekk omvisning av generalsekretær Svein Grønnern og barnebyleiar Morten Lillestøl Madsen. Fosterforeldra Vibeke og Flemming fortalte om sine erfaringar etter sine to år i barnebyen.

- Kva er det beste ved dette tilbodet de i SOS-barnebyer har her i Bergen?

- Vi tilbyr borna stabilitet og tryggheit i eit langsiktig perspektiv. Dette er eit tilbod der sysken kan vekse opp saman, svarer generalsekretær Svein Grønnern.

Omvisning på SOS-barnebyen i Bergen. Frå venstre: Leiar av Norgesprogrammet i SOS-barnebyer Sissel Aarak, generalsekretær Svein Grønnern, barnebyleiar Morten Lillestøl Madsen og statsråd Solveig Horne.