Historisk arkiv

Lågare prisar på grønsaker og korn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I juli falt prisane på grønsaker og korn. Agurk, squash, brokkoli, potet, gulrot og korn har blitt billegare.

Lågare importpriser gjer prisnedgang på norskprodusert agurk og squash. Brokkoli blir også billegare, og det er aukane tilførslar av brokkoli i marknaden. Prisane for potet og gulrot er og redusert som følgje av målprissatsane.

Dei internasjonale prisane på mange korn- og proteinråvarer falt i juli. Årsaka er ein kraftig aukane produksjon frå blant annet USA og Russland. I følgje Landbruksdirektoratet er prisindeksen for korn og oljefrø frå det internasjonale kornrådet, International Grains Council (IGC), 5 prosent lågare i juli enn månaden før, men på same nivå som for eit år sidan.