Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ledig stilling som avdelingsdirektør for seksjon jordbrukspolitikk

Landbruks- og matdepartementet har ledig ei fast stilling som avdelingsdirektør i seksjon jordbrukspolitikk.

Stillinga si hovudoppgåve er å leie og koordinere arbeidet i seksjonen. Avdelingsdirektør for seksjon jordbrukspolitikk har mellom anna følgjande oppgåver:

  • Fagleg oppfølging og kvalitetssikring på seksjonsen sine ansvarsområder, politikkutforming, regelverksutvikling, enkeltsakshandsaming, etc.
  • Leiing og oppfølging av seksjonens for tida ni medarbeidarar, mellom anna eit juristteam på fire juristar
  • Medlem av landbrukspolitisk avdeling si leiargruppe
  • Kontakt med politisk leiing
  • Deltaking i jordbruksforhandlingar og oppfølging av sekretariatsansvaret
  • Oppfølging av etatsstyringa av Landbruksdirektoratet
  • Nært samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i departementet
  • Kontakt med andre departement, underliggande etatar, andre institusjonar, eksterne aktørar og organisasjonar
Til toppen