Legg til rette for at fleire vil velje å sykle og gå: 162,5 millionar kroner til gang- og sykkelvegar på fylkeskommunale og kommunale vegar

42 kommunar og fylkeskommunar får no støtte til å byggje ut gang- og sykkelvegar. Gjennom ei tilskotsordning som regjeringa etablerte i fjor saman med KrF og Venstre, får 68 prosjekt til saman 162,5 millionar kroner. Ordninga føreset ein eiganandel på miniumum 50 prosent, det betyr at ordninga utløysar minst 325 millionar kroner til gang- og sykkelvegar.

- Det må bli lettare for folk å velje sykkel, eller å bruke beina. Gang- og sykkelvegar som er riktig plassert er viktig for å leggje til rette for dette, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Tilskotsordninga er eit av fleire tiltak for å legge til rette for sunne transportvaner. I tillegg er det over statsbudsjettet for 2016 sett av 625 millionar kroner til tiltak for gåande og syklande på riksvegnettet. Det er også lagt til grunn om lag 220 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengemidlar.

- I tillegg til auka løyvingar arbeider vi med å få til meir effektiv og enklare utbygging. Vi må sikre at vi får fleire kilometer sykkelveg for pengane. Eg har tidlegare gitt Vegdirektoratet i oppdrag å sjå på korleis vi kan bygge meir effektivt, med godt framkome og trafikktryggleik. Vegvesenet arbeidar no med å sjå på ulike nye løysingar for gang- og sykkelvegar.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for å forvalte tilskotsordninga på vegne av Samferdselsdepartementet. 52 kommunar/fylkeskommunar har søkt tilskot.

Bak tilrådinga frå Statens vegvesen ligg ei heilskapleg vurdering, der ein har lagt vekt på om tiltaka det er søkt om midlar til samla sett er med på å fremje nasjonale mål om auka bruk av sykkel og gange.

Oversikt – prosjekt som får støtte
(pdf)