Historisk arkiv

Legg til rette for digitalisert erklæring av farskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa sender i dag forslag til endringar i barnelova sine reglar om farskap til Stortinget. Endringane vil legge til rette for utvikling av digitale løysingar slik at ugifte foreldre sjølv kan etablere farskap utan krav om personleg frammøte.

Når foreldra til eit barn ikkje er gift med kvarandre, følgjer ikkje farskapet direkte av lova. Fram til no har det vore vanleg å erklære farskap ved personleg frammøte hos jordmor eller lege ved svangerskapskontroll eller i samband med fødselen. Mange fedre erklærer også farskap på NAV-kontor eller skattekontor etter at barnet er født.

I lovproposisjonen vert det foreslått å endre barnelova slik at det vert lagt til rette for at far kan erklære farskap digitalt, utan dagens krav til personleg frammøte. Dette vil på sikt gjere det enklare for barn og foreldre og legge til rette for effektivisering i helsetenestene, arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Skatteetaten. Dei digitale løysingane for å gjennomføre farskapserklæringa er imidlertid ikkje utvikla enda.

Forslaget om digital erklæring er avgrensa til barn som er fødde i Noreg. Dagens ordning med personleg frammøte og erklæring på papir vil framleis gjelde for saker der foreldra ikkje er einige om farskapet, der barnet er født i utlandet, men farskap likevel kan fastsettast i Noreg, der foreldra ikkje kan legitimere seg elektronisk eller liknande.