Historisk arkiv

Regjeringa ettergjev heile den gjelda Sierra Leone har til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Regjeringa har gjort vedtak om heilt å slette den gjelda Sierra Leone har til Noreg. Restgjelda er på om lag 62 millionar kroner.

Regjeringa har i dag gjort vedtak om heilt å slette den gjelda Sierra Leone har til Noreg. Restgjelda er på om lag 62 millionar kroner.

- Vi kjem til å halde fram med arbeidet for internasjonal gjeldslette med same styrke til alle dei fattigaste landa har fått ei fornuftig gjeldsordning, seier utviklingsminister Solheim i ein kommentar. 

Gjeldsslettinga skjer i samband med gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste, mest forgjelda landa – det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries). Dette er ei oppfølging av ein multilateral avtale i Paris-klubben frå januar 2007 då Sierra Leone fekk sluttoppgjeret sitt under HIPC-ordninga. Noreg vart her forplikta til å ettergje 100 % av den restgjelda Malawi hadde.

Heile gjelda som vert sletta, stammar frå den norske skipseksportkampanjen (1976–80). Tidlegare i år har regjeringa sletta resterande gjeld som Ecuador, Egypt, Peru og Jamaica hadde til Noreg, frå denne kampanjen. 

I tråd med den norske gjeldsplanen vert gjelda sletta utan at noko budsjett vert belasta. Gjeldsslettinga går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.