Lettare å få stønad til trygdebil med firehjulstrekk

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Regjeringa foreslår at vilkåra for rett til stønad til trygdebil med firehjulstrekk skal mjukast opp, slik at fleire kan få slik stønad.

– Eg er gjennom tilbakemeldingar frå brukarar gjort merksam på at dagens retningslinjer for rett til stønad til bil med firehjulstrekk er for strenge. Dette gjer regjeringa no noko med, slik at dei som har eit klart behov for firehjulstrekk kan få dette, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

Personar med funksjonsnedsetting får i dag stønad til trygdebil med firehjulstrekk etter nærare retningslinjer. Slik stønad er berre aktuelt for bilar i gruppe 2 (såkalla kassebilar), og utstyret på slike bilar er svært kostbart. Etter dagens retningslinjer har det hovudsakleg vore personar med behov for bil for å kome seg til og frå arbeid som har vore kvalifisert til slik stønad. Oppmjukinga inneber at personar som heilt klart har behov for bil med firehjulstrekk kan få det  – også dei som ikkje er avhengig av bil for å kome seg til og frå arbeid. Endringa gjeld frå 1. juli 2015, og gjeld for nye tilfelle.

– Eg vil be Arbeids- og velferdsdirektoratet om å følgje utviklinga på dette området tett, for på det viset å sikre at utvidinga treff dei med eit klart behov for firehjulstrekk, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.