Historisk arkiv

Lettvint om by og land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Dagens Næringsliv 06.04.2009.

Regjeringa ønskjer at menneskje skal kunne busetja seg kvar helst dei vil. Då treng vi ein aktiv distriktspolitikk. Er Dagens Næringsliv usamd i det?

Etter å ha lese leiarartikkelen sist fredag, spør eg meg kva formål ei riksdekkande avis for næringslivet meiner det tener å hissa opp til ein konflikt mellom by og land. Noreg treng livskraftige distrikt og regionar. Nærleiken til ressursane har gjennom historia vore viktig for utvikling av velstand og velferd. Samstundes treng vi velfungerande storbyar med eit omland med gode levekår, til dømes bustader, arbeidsplassar, oppvekstforhold, kommunikasjon og kultur.

Denne regjeringa ønskjer at folk sjølve skal kunna velja kvar dei vil bu og leva. Då treng vi ei god deling av oppgåvene mellom storbyar, småbyar og mindre kommunar. Mange spesialiserte næringar i større byområde treng gode underleverandørar i andre delar av Noreg.

Difor må vi styrkja den lokale vekst- og utviklingskrafta. Å redusera studielånet til dei som flyttar til ein mindre kommune, kan vera eit av fleire verkemiddel for å sikra livskraft i distrikta og gjera det meir attraktivt for ein familie med to yrkesaktive å slå seg ned her.

Leiarskribenten hevdar at eg ikkje lar meg forvirra av fakta om sentralisering frå rapporten Sentraliseringens pris. Rapporten slår fast at sentralisering har sine kostnader. Dei offentlege utgiftene vert større, og dei aukar di høgare tempoet i sentraliseringa er. Rapporten slår også fast at distriktskommunane kan få svekka økonomi som følgje av sentralisering.

Med utsikter til aukande press mot Austlandet, er eg overtydd om at det vert enda viktigare med høge ambisjonar for distrikta.

Kva gjeld valordninga i Noreg og utspelet frå Oslo Høgres Michael Tetzchner, lyt eg minna om at det har vore brei semje i norsk politikk sidan 1814 om at distrikta skal vera etter måten sterkare representert enn meir sentrale strok. Grunngjevinga finn vi i politiske, kulturelle og næringsøkonomiske tilhøve. Innbyggjarane skal verta høyrde uavhengig av kvar dei bur. Eg vert overraska om Høgre vil endra desse hovudprinsippa.