Historisk arkiv

Leverandørindustrien gjer det framleis svært godt internasjonalt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Trass i tøffe tider i bransjen, hevdar dei norske selskapa seg framleis godt i den internasjonale konkurransen, viser rapporten "Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper".

Olje- og energiminister Tord Lien la fram hovudfunna i rapporten for toppleiarforumet til næringsklynga Subsea Valley på Fornebu tysdag.

- Den internasjonale omsetnaden til norske oljeserviceselskap var på 190 milliardar kroner i 2015. Dette er eit lyspunkt i ei vanskeleg tid for næringa. I ein global marknad som har opplevd nedgang, er det imponerande at dei norske selskapa sin internasjonale omsetnad berre fall med tre prosent frå 2014 til 2015, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Liten nedgang i internasjonal omsetning (-3 %)

Nærare om rapporten

Rystad Energy har sidan 2011 levert rapporten "Internasjonal omsetning fra norske oljeserviceselskaper" til Olje- og energidepartementet. Årets rapport handlar om 2015. Statistikken er basert på Rystad sin database med over 1100 oljeserviceselskap der 335 har internasjonal omsetnad som definert i denne rapporten. Årsakene til at omsetnaden ikkje gjekk meir tilbake i ein marknad med reduserte globale innkjøp er mellom anna rekordhøge ordrebøker ved inngangen til året, svak kronekurs og innelåste høge dagratar for riggeigarar.

Med ein vekst på 32 prosent har Storbritannia gått forbi Sør-Korea som den største marknaden for norsk leverandørindustri. Borepakkar var det viktigaste produktsegmentet i 2015, trass i ein nedgang frå året før. Subsea utstyr og installasjon opplevde vekst i 2015. 

Les rapporten her.

Tord Lien

Olje- og energiminister Tord Lien la fram internasjonaliseringsstudien på Fornebu (foto:HEV/OED).