Lien: - Spennande planar om solcelleproduksjon i Porsgrunn

Olje- og energiminister Tord Lien besøkte i dag Herøya i Porsgrunn, der Elkem Solar planlegg å etablere ny verksemd i lokala som tidlegare var brukt av solcelleprodusenten REC. Lien ser positivt på planane.

- Elkem Solar sine planar for aktivitet i dei gamle REC-lokala i Porsgrunn er eit godt døme på at ein tar i bruk fornybar norsk kraft. Telemark er eit kraftfylke med lang historie innan bruk av fornybare vassressursar, og planane om å starte ny produksjon på Herøya føyer seg inn i ein stolt tradisjon. Dette er det historisk sus over, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Tord Lien på HerøyaOlje- og energiminister Tord Lien saman med adm. dir. i SIVA, Espen Susegg (t.v.), og adm. dir. i Elkem Solar, Inge Grubben-Strømnes. (Foto: HEV/OED)

Lien var tilstades då Elkem Solar annonserte sine planar om ny drift i Porsgrunn. Selskapet har gjort avtale om å overta delar av fabrikken som tidlegare husa REC, og har ambisjonar om å få i gang ny produksjon i første halvår 2016.