Historisk arkiv

Lien: øving sikrar god beredskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Tord Lien ga honnør til det lokale og nasjonale arbeidet med skredberedskap då han heldt innlegg på Nasjonal fjellskredkonferanse i Geiranger.

Over to dagar er over 180 personar frå mellom anna kommunar, politiet, Fylkesmannen, NVE og andre med beredskapsansvar samla i Geiranger. Hovudhensikta med øvinga og konferansen er å øve på samhandling, informasjonshandtering, kontaktvegar og samarbeidsformer mellom aktørane.

- Vi kan aldri heilgardere oss mot skred, og vi kan ikkje kontrollere naturen. Men vi kan arbeide for å vere best mogleg førebudd på slike hendingar. Eg er ikkje i tvil om at når alle dei berørte kommunane og etatane med beredskapsansvar møtest for å øve på denne måten, så gjer det beredskapen betre. Det bidrar både til at folk kan vere trygge, og til at dei kan kjenne seg trygge, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP).

Tord Lien på Nasjonal fjelskredkonferanseTord Lien på Nasjonal fjellskredkonferanse i Geiranger. (Foto: HEV/OED)

- Beredskapen ved flom og skred er god, men vi kan aldri seie at vi er i mål. Arbeidet med dette står høgt på agendaen for regjeringa. Vi kjem til å legge fram ei stortingsmelding om tryggleik og beredskap i haust. Her vil nettopp naturhendingar vere eitt av dei prioriterte områda, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP). 

Sanderud, Lien og Tryggestad

Frå venstre: NVE-direktør Per Sanderud, olje- og energiminister Tord Lien og ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad. (Foto:HEV/OED).