Historisk arkiv

Like mange sommaraktivitetar i år, men færre har deltatt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Ei ny undersøking viser at frivillige organisasjonar, kommunar og fylkeskommunar har tilbydd like mange fritidsaktivitetar og sommarskular til barn og unge i sommar som i fjor, til trass for smittevernutfordringar. Likevel har færre barn deltatt i 2020 samanlikna med i fjor.

- Eg ønskjer å rose frivillige organisasjonar, kommunar og andre som har stått på for å gi eit godt tilbod til barn og unge også i sommar. Denne sommaren har behovet for gode ferietilbod og sommarskule vore ekstra stort. Då er eg glad for at mykje blei gjennomført som planlagt, sjølv om det på grunn av smittevernomsyn var mindre kapasitet, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Her kan du lese den sjuande rapporten frå koordineringsgruppa.

Færre deltakarar på sommarskular

Også sommerskulane vart på fleire stadar gjennomført som i fjor, men talet på deltakarar var langt lågare enn elles, viser undersøkinga. Medan det var 24 000 deltakarar i 2019, var det 3 700 deltakarar i 2020.

Desto viktigare er det at ordinære skular over heile landet no jobbar godt med å halde smittetala på sine skular nede.

- Å få gå på skule er svært viktig for alle. Derfor kan eg ikkje understreke nok kor viktig det er at vi alle held god avstand der det er mogleg, vaskar hender ofte og grundig og held oss heime om vi er sjuke, slik at vi framleis kan halde skular og barnhagar opne, seier Melby.

Sjuande rapport om tilbodet til sårbare barn

Dei nye undersøkingane er ein del av bakgrunnsmaterialet i den sjuande rapporten frå koordineringsgruppa som ser på tilbodet til barn og unge under koronakrisa. Dei har sidan mars kartlagt tilbodet til denne gruppa. I den siste rapporten melder fleire tenester om ordinær drift, sjølv om ein del framleis rapporterer om færre førespurnader enn vanleg. Familievernet opplever derimot at kontora har større pågang enn normalt.

Koordineringsgruppa kjem med fem tilrådingar om tenestetilbodet til barn og unge:

  1. Styresmaktene må halde fram å kommunisere og tydeleggjere dei negative konsekvensane stenging har for barn og unge, både lokalt og nasjonalt.
  2. Skular, barnehagar og andre tilbod for utsette barn og unge bør vere opne så langt det er mogleg.
  3. Koordineringsgruppa tilrår at koronaforskrifta endrast slik at forskriftskravet knytt til skule og barnehagestenging vert utvida til også å omfatte stenging av andre samfunnskritiske tenester til barn og unge (t.d. helsetenester og barnevern). Dermed vil det vere ei særskilt vurdering og konsultering med styresmaktene ved tiltak som handlar om stenging.
  4. Styresmaktene må iverksette målretta informasjonstiltak for å sikre brei oppslutning om smitteverntiltaka.
  5. Det må verte gitt ei tydeleg nasjonal tilråding om korleis tenestene skal handtere barn med luftvegssymptom for å sikre god ivaretaking og kontinuitet i oppfølginga av sjuke barn. Manglande kontakt med fastlege kan resultere i eit fragmentert helsetilbod til barn og unge.

- Her har vi fått mange viktige tilrådingar og fleire av desse jobbar vi allereie med. Nokre av dei vil eg vurdere saman med mine kollegaer i andre departement. Eg er glad for å få tydelege signal frå koordineringsgruppa om tilbodet til sårbare barn og unge i denne situasjonen. Det er svært viktig, seier Ropstad.

Koordineringsgruppa

Koordineringsgruppa vert leia av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, og inneheld representantar frå Folkehelseinstituttet (FHI), Helsedirektoratet (Hdir), Utdanningsdirektoratet (Udir), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Politidirektoratet (POD), Sekretariatet for konfliktråda (SfK) og NAV. I arbeidet er gruppa i dialog med Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og andre sentrale organisasjonar.

Her kan du lese dei tidlegare rapportane frå koordineringsgruppa:

Rapport 1

Rapport 2

Rapport 3

Rapport 4

Rapport 5

Rapport 6