Likelønskartlegging i statlege verksemder

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

På oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet og partane i staten har Oslo Economics undersøkt korleis statlege verksemder opplyser om likeløn i årsrapportane for 2021.

– Arbeidet med likeløn er både viktig og krevjande. Denne rapporten gir viktig kunnskap som dei statlege verksemdene kan ha nytta av i arbeidet med å sikre lik løn for likt arbeid, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Frå 1. januar 2020 har alle offentlege arbeidsgivarar plikt til kartlegge og gjere greie for lønsforhald fordelt på kjønn.

Likt arbeid av lik verdi

Ei slik kartlegging skal vise løn for kvinner og menn som utfører likt arbeid av lik verdi etter ulike stillingsgrupper og nivå. Den skal gjennomførast kvart andre år.

Oslo Economics (OE) har følgt ti statlege verksemder i arbeidet med å gjennomføre ei slik likelønskartlegging. Dei har observert og analysert korleis arbeidet er gjennomført og har vore diskusjonspartnar for verksemdene undervegs.

Rapporten viser at arbeidet med kartlegginga har ført til meir bevisstheit om likestilling og likeløn i verksemdene.

Tidkrevjande

Gjennomgangen viser samstundes at dei verksemdene som har følgt tidsplanen som Bufdir har foreslått i si rettleiing, kom for seint i gang med lønskartlegginga. Det å vurdere kva som er arbeid av lik verdi er langt meir omfattande og tidkrevjande enn mange av verksemdene hadde sett føre seg. Prosessen med å hente ut data om løn, arbeide med tala og deretter berekne lønsforskjeller tok også tid.

Du kan lese heile rapporten her.

Sjå lanseringa av rapporten i opptak her: Frokostseminar om likelønnskartlegging i staten 26.08.22 - regjeringen.no