Historisk arkiv

Listhaug i Telemark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug fekk servera lokal mat, stev og klåre landbrukspolitiske meldingar då ho brukte tirsdagen den 11. februar i Telemark. Og telene heldt løftet dei hadde gitt på førehand om å ikkje slå ho i hjel. – Slik dei stundom gjorde med brysame folk frå øvrigheita i tidlegare tider.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug fekk servera lokal mat, stev og klåre landbrukspolitiske meldingar då ho brukte tirsdagen den 11. februar i Telemark. Og telene heldt løftet dei hadde gitt på førehand om å ikkje slå ho i hjel. – Slik dei stundom gjorde med brysame folk frå øvrigheita i tidlegare tider.

Det var Aasmund Nordstoga som nytta høvet å invitere Listhaug til gards då dei var samen på eit arrangement i fjor haust.  – For å seie deg nokre alvorsord, la han til. Då dagen var komen og ministeren var på plass i stova på Plassen, tok han ein mjuk start og bad Sylvi til eit veldekka bord der det meste av maten hadde sitt opphav i Vinje. Men etter nokre stev var det tid for litt alvorsprat: 

Garden vår er korkje til å leve eller døy av. Vi driv mangesysleri, men det er garden som er det sikre. Det faste. Grunnmuren. Nordstoga har merka seg at Listhaug vil ha større og meir effektive gardsbruk. – Sjå deg ikring, det let seg ikkje gjere med stordrift her innimellom fjella. Her på garden vår slår vi fire teigar. Avløysaren vår slår 18 gardar. Den som skal drive stort her må vere frykteleg glad i traktorkøyring, det er fôr inn og møk ut! fastslo  Nordstoga. Han slo også eit slag for landbrukssamvirket. – Tine og Nortura står ikkje i vegen for småskala/lokalmaten. Tvert i imot er dei med si mottaksplikt eit heilt nødvendig supplement, når dei mindre, lokale verksemdene ikkje kan ta imot, sa Aasmund Nordstoga.

Nordstoga baud statsråd Sylvi på både song og mat. På bordet stod Chévre frå Haukeli, pølse frå Vinje slakteri, kling og egg frå nabolaget, og gode produkt frå Tine og Nortura. – Dei små gardsmatverksemdene er avhengige av dei store samvirkeverksemdene, poengtera Aasmund Nordstoga.
Nordstoga baud statsråd Sylvi på både song og mat. På bordet stod Chévre frå Haukeli, pølse frå Vinje slakteri, kling og egg frå nabolaget, og gode produkt frå Tine og Nortura. – Dei små gardsmatverksemdene er avhengige av dei store samvirkeverksemdene, poengtera Aasmund Nordstoga. (Foto: LMD)

– Det er viktig å leggje til rette for at vi skal ha landbruk over heile landet. Det er til dømes store skilnader i føresetnadene for å drive landbruk i Rogaland og Telemark. Det må vi ta omsyn til, sa Sylvi. – Samstundes må dei som lever av ressursane på garden få betre betalt. Dei unge i dag har mange val. Det er mange næringar som tilbyr gode løner og ordna arbeidstid. Dersom vi skal få ungdomen til å velje landbruk, må dei sjå ei god framtid for seg og sine i denne næringa. Det må vere høve til å investere.  Eg er oppteken av meir fridom for den einskilde bonden til å utvikle garden og verksemda si etter eigne ønskje og behov, og mindre makt til staten, sa Sylvi Listhaug.

– Landbrukspolitikken i dag fungerar ikkje godt nok med tanke på å nå dei måla som er sett opp. Sjå gjerne til Sveits og Østerrike for å få ein politikk som verkar betre i høve til mindre gardar og fjellbygder, sa ordførar Arne Vinje, som også deltok under bordsetet på Plassen. 

– Eg har starta ein gjennomgang av alle dei ulike ordningane i landbrukspolitikken. Eg vil ha færre subsidie- og støtteordningar i landbruket, eg vil spisse ordningane slik at mest mogleg kjem bøndene til gode, kommenterte Sylvi Listhaug.

– Det er ikkje materiell eller økonomisk velstand som held oss her på Plassen. Det er å få føre vidare det generasjonar før oss har skapt, det er å få vere del av bygda og bidra til samfunnet. Det er når eg hjelper nye kalvar til verda eg forstår at det er dette livet eg vil ha, sa Ingvild Lilletvedt Nordstoga. – Aasmund Olavsson Vinje vaks opp her på garden. Han fann ut at her var ikke livandes, han reiste herifrå. Det vil ikkje vi! avrunda Aasmund. 

Brukarparet Ingvild Lilletvedt Nordstoga og Aasmund Nordstoga saman med landbruks- og matministeren i ”verdas minste lausdriftfjos” på Plassen i Vinje. (Foto: LMD)

Lindheim i Gvarv
Etter stopp og orienteringar på Dyrsku'n i Seljord, – og med løfte frå Listhaug om å kome attende på åpninga av årets Dyrsku'n den 12. september, bar vegen vidare til Lindheim fruktgard i Gvarv. Her var det Ingeborg Lindheim, som saman med Eivin Eilertsen nyss har teke over garden, som tok imot landbruks- og matministeren. Saman med ”pappa” Torstein Lindheim serverte ho eigenprodusert eplecider og fire sortar øl frå eige mikrobryggeri. – Økonomien i fruktdyrkinga har gjennom mange år vore dårleg, fastslo Torstein Lindheim. – Omlegging av importvernet på tidleg 1990-tal og den aukande kjedemakta har på mange måtar spelt fruktdyrkarane ut over sidelina, sa Lindheim, som likevel gledde seg over eit aktivt og engasjert miljø der mange unge i bygda satsar på frukt og bær. – Det er noko av det beste du kan drive med i livet, fastslo Torstein Lindheim.

Ingeborg Lindheim tok med Sylvi og følget inn i det flunkande nye mikrobryggeriet på garden. – Øl blir meir og meir kultur, og mindre fyll. Det er stadig fleire som ønskjer seg kvalitetsøl med særpreg, sa Ingeborg Lindheim, som gjerne vil bruke eigne og lokale råvarer i ølet; plommer, surkirsebær, bringebær, solbær osv. Det er også planar om eigen humledyrking. – Men det er ei utfordring at vi ikkje kan marknadsføre og informere om produkta våre. Vi kan ikkje vise logoen vår på ei heimeside eingong, sa ho og vende seg til landbruks- og matministeren, som kjente vel til problemstillinga. – Reklamerforbodet vil ikkje bli oppheva, men vi har som mål å leggje betre til rette for at produsentar skal få informere sakleg om produkta sine, svara Listhaug. 

Ingeborg Lindheim med odelsjenta på magen fortalde statsråd Sylvi Listhaug om planane vidare for Lindheim Ølkompani.
Ingeborg Lindheim med odelsjenta på magen fortalde statsråd Sylvi Listhaug om planane vidare for Lindheim Ølkompani. (Foto: LMD)

Sagaplant
Listhaug sin Telemarks-dag vart avrunda hjå Sagaplant på Akkerhaugen. Her fekk følgjet god trening i å ikle seg overtrekksdressar før dei vart vist rundt i dei ulike delane av anlegget, og fekk grundig orientering om plantesmitte og oppformering av friskt og sortsekte plantemateriale. Sagaplant er leverandør til det profesjonelle hagebruket. – Kommunen held ofte fram at så og så stor del av frukta i Norge kjem frå Sauherad. Vi har høgare tal. Alle jordbærplanter i Norge kjem frå oss! Sa dagleg leiar John Harald Rønningen, og vende seg til ordførar Hans Sundsvalen.

4.	Jorill Halsnes (t.h.) Anne Lise Bergland og Jon Harald Rønningen ga landbruks- og matministeren ei grundig innføring i verksemda hjå Sagaplant.
Jorill Halsnes (t.h.) Anne Lise Bergland og Jon Harald Rønningen ga landbruks- og matministeren ei grundig innføring i verksemda hjå Sagaplant. (Foto: LMD)

St. Nor.