Historisk arkiv

Lite laks kan gi stans i fisket i Tanavassdraget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Lave bestandar av laks i Tanavassdraget bekymrar både finske og norske styresmakter. Resultatet kan bli stans i laksefisket i Tanavassdraget kommande sesong.

- Tanalaksen er under stort press, og fleire av laksebestandane i vassdraget har ikkje lenger eit haustbart overskot. No  er det  avgjerande å bygge opp igjen desse viktige laksebestandane. Det kan bety stans i laksefisket kommande sesong, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Kvart år evaluerer norske og finske styresmakter og lokale rettshavarar korleis fiskereglane for Tanavassdraget har fungert siste fiskesesong. Så blir dei einige om endringar i reglane for den kommande sesongen.

I år har diskusjonane tatt lengre tid, og prosessen er blitt forsinka. Grunnen til dette er statusrapporten frå den finsk-norske overvakings- og forskingsgruppa for Tanavassdraget som viser at statusen for laksebestandane i Tana går raskt nedover. Sonartellingar i vassdraget viser at berre litt over 14 000 laks kom opp i vassdraget for å gyte sommaren 2020. Dette er under halvparten så mange laks som kom opp i 2018 som heller ikkje var eit spesielt godt år.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og Finland sin jord- og skogbruksminister Jari Leppä diskuterte tilstanden til Tanalaksen i eit eige møte 26. februar i år. Klima- og miljødepartementet sendte deretter eit forslag til finske styresmakter om å stenge for alt laksefiske på grenseelvstrekninga i 2021. I tillegg vil Klima- og miljødepartementet ikkje opne for laksefiske i dei norske sideelvene og nedre norske del av Tanavassdraget.

Miljødirektoratet har òg sendt ut forslag om ikkje å opne for fiske i Tanafjorden og område på Finnmarkskysten kor tanalaks blir skatta. Samla sett vil desse tiltaka gje tanalaksen ein sterk beskyttelse i den kommande sesongen. I Tanavassdraget vil det framleis vere mogleg å fiske etter andre artar enn laks.

Finland planlegg å svare på det norske forslaget i løpet av den neste uka. Når det er oppnådd einigheit mellom landa om reglane for kommande fiskesesong, blir forslaget sendt ut på høyring. Endringane vil tre i kraft før 1. mai.