Historisk arkiv

Livskvalitet for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til fylkesavisa Rogaland 12.06.2009.

For alle lokalsamfunn finst det rom for handling og utvikling. Sokndal er eit godt døme på korleis det rommet kan verta nytta.

Den vesle, men vitale kommunen i Rogaland syner i praksis det vi i regjeringa skriv om i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga kom i vår. Ho har ikkje prega den nasjonale dagsorden. Men ho har faktisk vore mykje debattert og omtalt rundt omkring i Noreg. Distrikts- og regionalpolitikk engasjerer.

Hovudmålet i meldinga er at alle skal ha reell fridom til å busetja seg der dei ønskjer. Difor kalla vi meldinga Lokal vekstkraft og framtidstru. Det gjorde vi fordi vi ønskjer å leggja til rette for å nytta det lokale handlingsrommet. Vekstkrafta må koma nedanfrå!  Det er denne krafta vi finn i Sokndal, og i også andre lokalsamfunn i fylket vårt.

Eg vitja nyleg Sokndal i samband med Sokndalsdagane. Der møtte eg eit samfunn der dei tydeleg satsar på livskvalitet, lokal identitet og gjestfridom, lokale produkt og kulturarrangement.

Dømet frå Sokndal syner at små kommunar kan gjera mykje gjennom lokale initiativ. I stortingsmeldinga vert det likevel peika på at fleire kommunar har utfordringar når det gjeld kapasitet og kompetanse til å driva lokalt utviklingsarbeid. Mange kommunar kan ha nytte av støtte utanfrå i arbeidet for å mobilisera innbyggjarane, frivillige organisasjonar og næringsliv i å gjennomføra utviklingstiltak.

Derfor vil regjeringa samarbeida med fylkeskommunane om ei satsing på å styrkja slikt arbeid i kommunane. Dette er særleg viktig i mindre kommunar med svak utvikling i folketal og næringsliv. Eit av måla er å få til ein betre bruk av dei midlane som vert nytta til utvikling og omstilling i fylka. I dette arbeidet er det viktig at fylkeskommunane samarbeider godt med andre regionale aktørar som arbeider med lokal samfunnsutvikling eller har verkemidlar på sitt område som kan nyttast i dette arbeidet. Kommunal- og regionaldepartementet vil følgja opp dette temaet frå meldinga overfor fylkeskommunane etter sommaren. Eg håpar og trur vi skal få til eit godt samarbeid og oppnå gode resultat!

Ungdom var tema under Sokndalsdagane. Det er gledeleg. Innspel frå ungdom var viktig for meg i arbeidet med den nye stortingsmeldinga. Lokalsamfunn som ikkje er attraktive for unge menneske kan vanskelig kallast levedyktige.

Eit av dei sterkaste minna frå arbeidet med stortingsmeldinga Lokal vekstkraft og framtidstru er møtet med ungdomsrådet i Granvin. Oppgåva deira var å gi meg og departementet innspel i arbeidet med meldinga. Ungdomsrådet sette sitt klåre stempel innleiingsvis i meldinga, under overskrifta ”Unge må inn i lokalt utviklingsarbeid.”

- Skal vi busetja oss her etter utdanning, treng vi arbeidsplassar som vi er utdanna til i nærleiken av der vi bur, gode bustader, gode offentlege tenester og eit kulturliv som famnar breitt. Gløym heller ikkje kollektivtransport, rassikring og kommunar som samarbeider, var meldingane frå dei unge i Granvin.

Dei vala unge i etableringsfasen tek, avgjer utviklinga i busetjingsmønsteret i landet over tid. Mange unge flyttar i dag frå mindre stader for å ta utdanning og få erfaring i arbeidslivet. Dette er bra for utviklinga av eit moderne og innovativt  samfunn. Sjølv om dei minst sentrale kommunane over lang tid har mista om lag 30 prosent av ungdomskulla sine, er det mange unge som flytter motsett veg når dei skal etablera seg med familie og barn. Frå 2006 har tempoet i sentraliseringa avteke. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet. Det er også ei stor brutto inn- og utflytting i dei fleste kommunar og arbeidsmarknadsområde. Mange stader skal det derfor lite til før flyttetala vert positive. 

Då er påverknaden frå dei unge viktig. Bulystrådet frå 2007, med 14 unge menneske med variert bakgrunn, peika på at gode lokalsamfunn i større grad enn tidlegare må kombinera det beste frå byen med det beste frå bygda. Dei rurale verdiane må leva side om side med dei urbane. Eit uttrykk for det er at unge menneske seier dei vil gå på konsert etter ein fjelltur.

Eit nytt nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet er under planlegging. Her vil unge i etablerarfasen vera sentrale, saman med innvandrarar, som også utgjer ei stor gruppe ”busetjarar”. Eit viktig tema vil vera korleis kommunar kan leggja til rette for at sivilsamfunnet engasjerer seg i inkludering av tilflyttarar.

Entreprenørskap  er eit sentralt emne i meldinga. Fylkeskommunane, regionkontora til Innovasjon Noreg, kommunar og regionråd gjer mykje godt arbeid her. I meldinga peikar vi på behovet for utvida mentorordning slik at unge gründerar kan få hjelp og støtte frå ein erfaren ”oppmann”. Det er også  viktig å satsa vidare på Ungt entreprenørskap. Mange unge kan gjennom dette få augo opp for kva moglegheiter som finst på heimstaden. Til hausten følgjer regjeringa opp med ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga. 

Vi må leggja til grunn at tilgang på arbeid og inntekt er ein føresetnad for busetjinga til dei unge. I åra som kjem er det viktig at vi støttar omstilling og nyskaping i område som vert råka av den økonomiske uroa. Rogaland har mange eksportretta verksemder som vil møte utfordringar. Vi må medverka til at kunnskapen i verksemder og næringsmiljø vert teken vare på og vidareutvikla.

Fylkeskommunane si viktige rolle som regional utviklingsaktør vert styrkt frå 2010. Innføringa av regionreforma medfører eigarskap til Innovasjon Noreg. Regionale forskingsfond er alt etablert. Alle fylkeskommunar får også midlar til regional utvikling over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet. Fleire fylke har som Rogaland kommunar både innanfor og utanfor verkeområdet for distriktspolitikk. Regjeringa legg opp til at desse fylka skal få auka midlane til regional utvikling for heile fylket. Slik vert den regionapolitiske rolla styrka.

Vi har utfordringar knytte til busetjinga i dette landet, men vi har også eit samfunn utan store geografiske skilnader. Slik er det fordi viktig næringsverksemd er spreidd over store delar av landet. Det har også medverka til at sentralisering vert diskutert meir enn i andre land. Det ser vi i ordskifte om balansert utvikling, likeverdig tilgang på infrastruktur og velferd, lokalisering av offentlege verksemder, landbrukspolitikk osv.

Ordskiftet er uttrykk for ein politisk styrke bak målet om ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, noko som ikkje er sjølvsagt. Det er viktig for at unge i det heile vurderer å busetja seg andre stader enn i større byområde. Vi må halda fram med dette ordskiftet, slik at vi finn den rette balansen i innsats for utvikling i alle delar av eit fylke og av landet!