Historisk arkiv

Lokalmatmarknad og rakfiskfestival i Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

For fyrste gong blir det arrangert ein eigen lokalmatmarknad på Rakfiskfestivalen i Valdres. – Eg er stolt av å kome frå Valdres når eg ser alle dei flotte matprodusentane vi finn i dalføret, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Hanne Maren Blåfjelldal. Torsdag vitjar ho festivalen.

Valdres har rike mattradisjonar, og i dalføret blir det stadig fleire små og store produsentar av lokale matvarer. Disse er ein viktig del av Rakfiskfestivalen. For fyrste gong blir det arrangert ein eigen lokalmatmarknad på Rakfiskfestivalen. På marknaden vil 16 lokale produsentar  tilby alt frå  meieriprodukt, drikkevarer, kjøt, foredla frukt og bær og rakfisk. Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet vitjar torsdag 5.11 Rakfiskfestivalen og lokalmatmarknaden i Valdres. 

– Eg er stolt av å kome frå Valdres når eg ser alle dei flotte matprodusentane vi finn i dalføret. Lokalmat er ei næring i vekst, og denne veksten er lokalmatprodusentane i Valdres ein viktig del av, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal.  

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Eg er stolt av å kome frå Valdres når eg ser alle dei flotte matprodusentane vi finn i dalføret, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. Foto: Torbjørn Tandberg

Kraftig auke i sal av lokalmat

Dei siste 12 månedene har salet av lokal mat og drikke i dagligvarehandelen nådd nesten 4,2 milliarder. Det tilsvarer ei auke økning på 10,3 prosent frå samme periode i fjor. 

Satser på lokalmat

Regjeringa sitt mål, presentert i Gründermeldinga, er ein omsetjing av lokalmat på 10 milliarder innen 2025. Regjeringa ønskjer å legge til rette for at fleire bønder kan leve av garden sine ressurser. Ikkje alle har moglegheit til å satse på stordrift, og lokal matproduksjon er ein veg å gå, også for små garder som ønskjer fleire ben å stå på. Gjennom Utviklingsprogrammet for Lokalmat og grønt reiseliv er det i 2015 satt av 100 millioner kroner for å styrkje innovasjonen i landbruket. Programmet leiast av Innovasjon Norge, og er ein del av Jordbruksoppgjøret. Å starte videreforedling av råvarene stiller nye krav til bøndene. Ikkje berre må dei lære seg meir om selve matproduksjonen. Marknadsføring, distribusjon og salg er og viktige suksessfaktorar. Her kan matprodusentsamarbeid og lokalmatmarknader vere til stor hjelp.  

Rakfisk.
Rakfisk. Foto: Tom Haga