Lønsoppgjeret i staten er opna

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag. 20. april, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er midnatt 30. april.

Statens personaldirektør, Gisle Norheim, med representantar for hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.
F.v. Guro Lind, Unio stat, Pål N. Arnesen, YS Stat, Statens personaldirektør Gisle Norheim, Kari Tønnessen Nordli, Akademikerne stat og Egil André Aas, LO Stat Foto: KDD

Årets oppgjer er et hovudoppgjer, der partane forhandlar om alle elementa i hovudtariffavtalane. Forhandlingane blir ført mellom hovudsamenslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat på den eine sida og staten på den andre.

– Vi ser fram til gode og konstruktive forhandlingar, og eg håpar at forhandlingspartane saman kan finne gode løysingar innanfor den økonomiske ramma som er forhandla fram av frontfaget, seier Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister (Sp).

Staten skal vere ein moderne og attraktiv arbeidsgivar som lukkast med å rekruttere, utvikle og behalde kompetente medarbeidarar. Som eit ledd i dette arbeidet håpar staten også å bli einige med LO Stat, Unio og YS Stat om eit forenkla system for lønsutvikling etter ansiennitet.

Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.

Les statens første tilbud