Historisk arkiv

Lov om Eldreombodet på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Departementet sender no på høyring forslag om lov om Eldreombodet, og følger dermed opp punktet i Granavolden-plattforma om at regjeringa ønsker å opprette eit eige eldreombod etter modell av Barneombodet.

Dette høyringsnotatet inneheld forslag til lov om Eldreombodet, som skal danne ramma for Eldreombodet sitt arbeidsområde og gjerning. Departementet føresler at Eldreombodet skal bidra til å fremme eldre sine interesser, rettar og behov i samfunnet. Ombodet skal engasjere seg i forhold som berører eldre sine interesser på alle samfunnsområder. Ombodet vil vere sjølvstendig og fagleg uavhengig.

Regjeringa har bestemt at det nye Eldreombodet skal lokaliserast i Ålesund.

Les høyringsnotatet. Frist for å kome med høyringsuttaler er 5. desember 2019.