Lovande framtid for trua kurasar

Dei gamle norske kurasane er etterspurde både av bønder og forbrukarar. Auka kjøtproduksjon gir jamn auke i talet på dyr. Innan mjølkeproduksjon er talet på dyr stabilt.

I Noreg har vi seks bevaringsverdige storferasar. Dei seks er Telemarkfe, sida trønderfe og nordlandsfe (STN), vestlandsk fjordfe, østlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og dølafe. Alle rasane har auka i talet på dyr sidan 1990 da registreringane tok til.

Den største auken i avlskyr står østlandsk raudkolle for. Frå 2011 til 2016 auka talet på dyr frå 129 til 356, det gir ein auke på 176 prosent. Eit aktivt raselag og fleire produsentar som satsar på kjøtproduksjon basert på rasen er mykje av forklaringa. Både denne rasen og telemarksfe var for få år sidan kritisk trua, det vil seie at dei hadde mindre enn 300 avlskyr i populasjonen. Vestlandsk raudkolle er i dag den minste rasen når ein ser på dyretal. 

Kundane vil ha urfe

Annis Pølsemakeri  som held til i Mathallen i Oslo informer om at fleire kundar spør etter dei gamle norske rasane, og er villige til å betale for kortreist og eksklusivt. Kjøt av vestlandsk fjordfe er finfibra og mildt, men har likevel ein fyldig smak. Når dyra er grasfora, bidrar det til å framheva kjøtsmaken enda meir.