Historisk arkiv

Lovforslag om ny AFP i privat sektor frå 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

– Lovforslaget sikrar ein varig AFP, som avtalt ved lønnsoppgjeret, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

– Lovforslaget sikrar ein varig AFP, som avtalt ved lønnsoppgjeret, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen. I lønnsoppgjeret i 2008 vart partane i privat sektor samde om ei ny utforming av AFP tilpassa pensjonsreforma. Lovforslaget som er lagt fram i dag, er i hovudsak ei lovfesting av avtalane i lønnsoppgjeret og stortingsvedtaka om tilpassa AFP.

Avtalefesta pensjon (AFP) er i dag ei tidlegpensjonsordning som betaler ut pensjon i alderen 62 til 67 år. Dette er tilpassa at folketrygda gjev alderspensjon frå fylte 67 år. Etter pensjonsreforma kan ein ta ut alderspensjonen frå folketrygda fleksibelt frå 62 år.

Ny AFP er etter lovforslaget utforma som eit livsvarig påslag (tillegg) til fleksibel alderspensjon. Den årlege pensjonen blir høgare desto seinare pensjonen blir teken ut. I motsetnad til dagens AFP, vil ein kunne kombinere ny AFP med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta.  

– Alle som tek ut AFP i privat sektor etter 01.01. 2011 eller seinare kan altså ha arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta. Dette trur eg mange vil setje pris på i den nye ordninga, seier Dag Terje Andersen.

– Det blir dessutan betre høve til å tilpasse overgangen mellom arbeid og pensjon etter eigne ønskje, samtidig som ny AFP bidreg til eit godt pensjonsnivå frå 62 år også i framtida, seier statsråden. 

Ny AFP vil gjelde alle som er fødde i 1944 eller seinare og som tek ut AFP frå 2011, med særreglar for dei som er fødde i åra 1944 til 1947. For dei som tek ut AFP før 2011, vil dei gamle reglane gjelde. Dei får altså dagens AFP og går over på alderspensjon ved 67 år, som i dag.  

Staten dekkjer i dag ein del av utgiftene til AFP i privat sektor etter lov om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon. Etter lovforslaget blir det statlege bidraget ført vidare, men tilpassa den nye utforminga av AFP.

Les lovforslaget: Ot.prp. nr. 111 (2008–2009) Om lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven)