Historisk arkiv

Lovtiltak mot datakriminalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Datakrimutvalet overleverte ei delutreiing tysdag 4. november. Utvalet gjer framlegg om naudsynte lovendringar for at Noreg skal kunne gjennomføre Europarådet sin konvensjon om IKT-kriminalitet.

Pressemelding

Nr.: 78 - 2003
Dato: 04.11.2003

Lovtiltak mot datakriminalitet

Datakrimutvalet overleverte ei delutreiing til Justisdepartementet tysdag 4. november. Utvalet gjer framlegg om lovendringar som er naudsynte for at Noreg skal kunne gjennomføre Europarådet sin konvensjon om IKT-kriminalitet.

Sjå heile delutreiinga: NOU 2003: 27 - Lovtiltak mot datakriminalitet

Datakrimutvalet vart oppretta 11. januar 2002 for å finne lovtiltak mot datakriminalitet.

Straffbart å spreie passord. Utvalet gjer framlegg om eit nytt straffebod som ny § 145 b i straffelova. Framlegget kriminaliserer spreiing av tilgangsdata, det vil seie spreiing av passord og andre data som kan gje tilgang til eit datasystem. Spreiinga omfattar både det å overlate tilgangsdata til ein annen, og det å gjere slike data tilgjengelige for ei ubestemt gruppe personar (til dømes på Internett). Spreiing av tilgangsdata kan straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader eller begge delar.

Sikring av bevismateriale. Vidare gjer fleirtalet i utvalet framlegg om ein ny regel i straffeprosesslova. Framlegget til ny § 215 a gjev påtalemakta kompetanse til å påleggje ein person å sikre elektronisk lagra data som påtalemakta reknar med at vil ha verdi som bevis. Sikring inneberar ei plikt til å sikre integriteten av data slik at bevismateriale ikkje går tapt. Politiet vil ikkje få tilgang til data på grunnlag av sikringspålegget. Sikra data kan i utgangspunktet berre krevjast utlevert etter dei alminnelige reglane om utleveringspålegg i straffeprosesslova.

Opplysningsplikt ved ransaking av datasystem. Det tredje framlegget i utreiinga til lovendring gjeld ransaking av datasystem. Utvalet gjer framlegg om at politiet ved ransaking av eit datasystem skal kunne påleggje alle som pliktar å vitne i saka, å gje naudsame opplysingar for å gje tilgang til datasystemet. Slik tilgang kan til dømes krevje at ein tilsett gjev politiet opplysingar om passord. Politiet kan berre påleggja personar med vitneplikt å gje opplysningar.

Innstillinga til utvalet er samrøystes med unntak av framlegget til regel om sikringspålegg, som eitt medlem ikkje sluttar seg til. Forslaga vil verte handsama i Justisdepartementet. Departementet skal sende lovframlegget ut til høyring. Deretter tek departementet sikte på å fremje ei lovsak.

Kontaktperson: Lovrådgjevar Knut Erik Sæther, 22 24 53 12