Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ekspertutval legg fram forslag til ny opplæringslov for skulen

Eit samla ekspertutval har lagt fram ei utgreiing med forslag til ny opplæringslov for skulen. Utvalet blei oppnemnd hausten 2017 og har arbeidd i to år. Utvalet har motteke ei rekke skriftlege innspel og produsert meir enn 800 sider tekst med utgreiing og eit heilskapleg forslag til ei ny opplæringslov.

– Utvalet har jobba breitt og grundig både med innhaldet i forslaga og med lovteksten. Målet er å få ei framtidsretta opplæringslov i eit klart og godt språk. At lova har godt språk og blir forstått, har mykje å seie for om ho blir følgd ute i skulen, seier Sanner.

Utvalet har vore samansett av juristar, pedagogar, andre skulefolk og statsvitarar. Dei har lagt stor vekt på å høyre born og unge, og utgreiinga inneheld ei eiga barnekonsekvensutgreiing. I den samanhengen har Barneombodet vore ein viktig rådgivar.

Utvalet sitt arbeid har gått parallelt med fleire andre store utgreiingar og prosessar på Kunnskapsdepartementet sitt område. Nordahl, Stoltenberg, Tett på – stortingsmeldinga om tidleg innsats og inkluderande fellesskap, og Lied-utvalet som snart skal levere sin rapport. I tillegg har departementet arbeidd med ei utgreiing om eit meir heilheitleg og tydelegare ansvar for fylkeskommunane til å følgje opp unge mellom 16-24 år. Departementet er også i gang med å sjå på reglane om opplæring for vaksne.   

– Vår oppgåve blir no å sjå alle forslaga i samanheng med dei endringane som er gjennomførte og dei områda vi no jobbar med. Det er inga lita oppgåve, men det blir eit viktig arbeid for å sikre at alle elevar får ein så god skule og undervisning som mogeleg, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Kunnskapsdepartementet vil sende utvalet si utgreiing på høyring i januar 2020. Departementet legg vekt på å ha ein grundig prosess for å samle alle elementa og innspela og tek sikte på å sende ut eit heilskapleg høyringsnotat med regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov våren 2021.

Her kan du lese utvalgets forslag

Til toppen