Historisk arkiv

Løyvefritak for Inn på tunet-aktørar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Inn på tunet-aktørar kan på nærare vilkår få løyvefritak for inntil 3 køyretøy etter yrkestransportlova, slik at dei kan køyre brukarar med særskilte behov til og frå garden sjølve.

– For fleire brukarar av Inn på tunet-tilbod er transporten ein del av aktiviteten. Å vite at gardbrukaren er den som står for skyssen, er forutsigbart og trygt for brukarar som elles kan ha utfordringar knytt til kollektivtransport, eller som treng eit ekstra push for å faktisk møte opp til avtalt tid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Løyvefritaket gjeld berre transport av eigne brukarar til og frå garden og gjeld berre dei brukarane som har særskilte behov for at det er Inn på tunet-aktøren sjølv som utfører transporten. Transporten må skje i samband med sjølve tenesta, slik at den er ei tilleggsyting som blir utført av Inn på tunet-tilbydaren. 

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der. For å kunne tilby Inn på tunet tenester, må ein vere godkjent av Matmerk.