Historisk arkiv

Lyser ut 7,5 millionar kroner til digitale læremiddel i friskular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

No kan frittståande grunn- og vidaregåande skular søke om tilskot for innkjøp av digitale læremiddel og infrastruktur. Ordninga skal legge til rette for elevar med behov for digital heimeundervisning.

– Situasjonen vi er i gjer at mange elevar har behov for heimeundervisning. Skulane var godt rusta då dei plutseleg måtte stenge, men vi ser òg at friskulane har akutte behov for utstyr. Difor set vi av midlar til ei eiga tilskotsordning slik at det blir enklare for friskulane å kjøpe inn utstyret dei treng, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Målet for ordninga er å legge til rette for digital heimeundervisning i samband med koronapandemien. Tilskotet skal mellom anna gi tilgang til eit større mangfald av digitale læremiddel av høg kvalitet. Det kan vere digitalt utstyr som gjer kommunikasjon mellom lærarar og elevar enklare, som til dømes nettbrett eller PC. Tilskotet kan òg brukast til å auke den digitale kapasiteten eller kompetansen på skulane.

– Dette er òg tiltak som kan bidra til å jamne ut forskjellar. Det er ikkje alle familiar som har utstyret dei treng. Då kan skulane til dømes kjøpe inn utstyr med mobilt breiband som kan lånast ut, seier Melby.

Det er sett av 7,5 millionar kroner til ordninga. Friskulane kan søke på midlane frå Utdanningsdirektoratet, med søknadsfrist 9. november 2020.

 

Fakta om tilskotsordninga

  • I revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget 80 millionar kroner til digital heimeundervisning og 60 millionar kroner til innkjøp av digitale læremiddel. Dei 7,5 millionane er henta frå begge pottane.
  • Midlane i revidert nasjonalbudsjett kom i tillegg til 60 millionar kroner som allereie låg i statsbudsjettet til innkjøp av digitale læremiddel. I den ordinære ordninga er likevel ikkje friskulane omfatta.

Les meir på Utdanningdirektoratets sider