Historisk arkiv

Mæland til Stord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon

Næringsminister Monica Mæland besøker Stord måndag 23. februar for å sjå nærare på korleis verfts- og leverandørindustrien har vorte råka av fallande oljepris.

På Stord møter næringsministeren kommunen og verfts- og leverandørindustrien. Det er Stord kommune som har invitert Mæland til Kværner Stord for å orientere om situasjonen.

- Omstillinga vert sjølvsagt vanskeleg for dei som blir direkte råka og for deira familiar. Det vert krevjande. Samstundes er norsk økonomi godt skodd for dei utfordringane vi møter, seier Mæland.

Kva: Næringsminister Monica Mæland besøkjer Stord.
Kor: Kværner Stord, Eldøyane.
Når: Måndag 23. februar klokka 10:30 (møter pressa klokka 12:00).