Mæland til Brussel i Afghanistan-møte

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland drar i morgon, tysdag 31. august, til Brussel for å delta i EU-møte om situasjonen i Afghanistan.

Mæland er invitert til å delta på det ekstraordinære innanriksministermøtet, som startar klokka 13.00. Korleis situasjonen i Afghanistan kan påverke EU sine yttergrenser vil vere del av møtet. 

Justis- og beredskapministeren vil vere disponibel for intervju etter at møtet er ferdig.   

Ønskjer om intervju sendast til pressevakt i JD: jdinfo@jd.dep.no 

Kontakt for Mæland i Brussel: Politisk rådgjevar Kristoffer Aardal Hanssen, +4745429730.