Historisk arkiv

Mæland til Kenya og Tanzania

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon

Næringsminister Monica Mæland (H) besøkjer Kenya og Tanzania i september. Ho har med seg ein norsk næringslivsdelegasjon.

Formålet med besøket er å fremme norsk næringsliv sine interesser i ein vekstmarknad som vil vere viktig i framtida. Seks av dei økonomiane som veks raskast i verda, ligg i Afrika.

- Sjølv om norsk næringsliv begynner å få augo opp for den afrikanske marknaden, er det framleis eit stort potensial som ikkje er utnytta, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Næringsministeren besøkjer Dar es Salaam og Arusha i Tanzania, og Nairobi i Kenya. I Dar es Salaam og Nairobi er det eit breitt næringslivsprogram og politiske møte. I Arusha er det planlagt møte med Det austafrikanske fellesskapet (EAC) for å diskutere om EAC og EFTA på sikt kan forhandle fram ein frihandelsavtale.

- EAC er ein interessant og aktuell partnar for ein frihandelsavtale med Noreg og dei andre EFTA-landa. I første omgang ønskjer eg fortgang i arbeidet med å få skrive under ei samarbeidserklæring mellom EAC og EFTA. Deretter ønskjer eg å diskutere om det er mogleg å setje i gang forhandlingar om ein frihandelsavtale, seier Mæland.

For å sikre at fleire norske bedrifter grip sjansen i vekstmarknadene i Aust-Afrika oppretta Innovasjon Noreg eit kontor i Nairobi i 2014. Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg leiar næringslivsdelegasjonen som er med på reisa.

Øst-Afrika regnes framleis som ein utfordrande marknad å gjera forretningar i. Den norske målgruppa til Innovasjon Noregs kontor i Nairobi vil i første rekkje vere etablerte verksemder med ambisjonar om fortsatt internasjonal vekst. Kontoret skal arbeide regionalt, i første omgang med fokus på marknadene i Kenya, Tanzania og Uganda.

Ifølgje Fellesrådet for Afrika er fleire enn 100 norske selskap representert i 44 land i Afrika. Det er mellom anna bedrifter innan offshore olje/gass, fornybar energi og maritim industri.

Presse som ønskjer å delta på reisa bør ta kontakt så raskt som mogleg fordi det er visumplikt til begge landa.

Pressekontaktar:
For næringsministeren: Kommunikasjonssjef Trond Viken, 99218303, e-post:
tvi@nfd.dep.no
For Innovasjon Noreg og spørsmål om næringslivsdelegasjonen:
Kommunikasjonsrådgjevar Marianne.Mork@innovasjonnorge.no, 41449747