Historisk arkiv

Mæland til Malaysia og Vietnam

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Kronprinsparet vil saman med næringsminister Monica Mæland, statssekretærane Amund Ringdal (NFD) og Morten Høglund (UD) og ein næringslivsdelegasjon vere på offisielt besøk i Vietnam frå 18. til 21. mars. I tillegg besøkjer næringsministeren Malaysia.

Kronprinsparet vil saman med næringsminister Monica Mæland, statssekretærane Amund Ringdal (NFD) og Morten Høglund (UD) og ein næringslivsdelegasjon vere på offisielt besøk i Vietnam frå 18. til 21. mars. I tillegg besøkjer næringsministeren Malaysia.

Mæland besøkjer Malaysia 17. – 18. mars, og Vietnam 18. – 21. mars. I begge land blir det politiske samtalar, møte med næringsliv og bedriftsbesøk.

Vietnam
– Det er aukande interesse for Vietnam i norsk næringsliv. Vietnam har ein av dei raskast veksande økonomiane i Asia og er ein stadig meir interessant marknad, seier næringsminister Monica Mæland.

Det gjeld spesielt innanfor maritim sektor, energisektoren, marin næring og tekstil- og skotøyindustrien. Ein brei næringslivsdelegasjon med bedrifter frå desse og andre sektorar deltek på besøket til Vietnam.

– Frihandelsavtalen med Vietnam skal etter planen vere ferdigforhandla i år. Det vil vere eit viktig bidrag for å stimulere det økonomiske samarbeidet, seier Mæland.

Statssekretæren for fiskeriministeren, Amund Drønen Ringdal, deltek også under Vietnam-besøket.

Akkrediteringsfrist for journalistar som ønskjer å vere med til Vietnam er 25. februar til press@mfa.no. Les meir på UDs nettsider.

Malaysia
Mæland besøkjer også Malaysia på turen. Det er eit viktig land for norsk næringsliv, med rundt 50 norske bedriftsetableringar.

– Samhandelen mellom Noreg og Malaysia har meir enn dobla seg dei siste ti åra. Norske investeringar i landet er betydelege, seier Mæland.

Nøkkeltal Vietnam:

  • Importen av varer frå Vietnam var på 2,4 milliardar kroner i 2013.
  • Eksporten av varer til Vietnam var på 1,6 milliardar kroner i 2013.
  • Næringslivssamarbeid innanfor maritim industri, fornyeleg energi, havbruk og handel med konsument- og industrivarer.
  • Norske bedrifter som er aktive i Vietnam er blant andre Brødrene Dahl, DNV GL, Ewos, Jotun, Orkla, Rolls Royce, Roxar, SN Power, Steinsvik, TTS Marine og Yara. Sjå meir på ambassadens nettside.

Nøkkeltal Malaysia:

  • Importen av varer frå Malaysia var på 1,8 milliardar kroner i 2013.
  • Eksporten av varer til Malaysia var på 2 milliardar kroner i 2013.
  • Næringslivssamarbeid innanfor olje og gass, IKT og telekom og maritim verksemd.
  • Norske bedrifter som er aktive i Malaysia er blant andre Telenor, Jotun, Aker Solutions, DNV GL, Norsk Hydro, Jordan, Q-Free og Wilhelmsen. Sjå fleire på ambassadens nettside.