Historisk arkiv

Mange elevar strever med kjeldekritikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Fleirtalet av norske 15-åringar veit ikkje korleis dei kan undersøke om kjelder til tekstar og nettsaker er pålitelege. Dei har mindre kunnskap om å avsløre spæm og om dei kan stole på avsendar enn elevar i Danmark, Finland og Sverige.

Det viser ein ny analyse om leseferdigheiter som forskarar ved Universitet i Oslo har gjort. Dei har blant anna basert seg på PISA-undersøkinga.

– Dette viser at vi har ei utfordring. I dag lever ungdomen ein større del av livet på nettet. Mange vil påverke tankane deira, og dei vil møte falske nyhende. Det er viktig at dei veit korleis dei skal tenke kritisk om kjeldene. Med dei nye læreplanane har kritisk tenking og kjeldekritikk fått mykje større plass i skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Statsråden understrekar at dette blir viktig å sjå nærmare på. Denne månaden har ho invitert til seminar for å få innspel til korleis arbeidet med lesing og kritisk lesing kan bli betre.

Mindre kunnskap enn danske, finske og svenske

Forskarane finn at

  • Fleirtalet av norske 8. klassingar verken gjer reelle vurderingar av kva truverde tekstane har  eller grunngir standpunkta sine.
  • Basert på oppgåver i PISA, ligg dei norske elevane på OECD-gjennomsnittet når det gjeld å kjenne til eigna strategiar for å undersøke om avsendaren er påliteleg.
  • Samanlikna med nordiske land kjenner norske elevar mindre til slike strategiar enn danske, finske og svenske elevar, mens islandske kjenner minst til eigna strategiar.
  • Kjønnsforskjellane i lesing generelt er stadig like store, og jentene er sterkare enn gutane også når det gjeld kritisk lesing. Fleire gutar enn jenter er blant dei svakaste lesarane, som også har store utfordringar med kritisk lesing.

Har ikkje fått nok opplæring

Forskarane peikar på at det til nå ikkje har vore utbreidd og systematisk opplæring i kritisk tenking og lesing på nett i norsk skule.

Analysen deira viser blant anna:

  • På spørsmål om kva for undervisning dei hadde fått på skulen, svarer under halvparten av dei norske elevane at dei har lært å bruke gode søkjeord, lese trefflister, vurdere informasjon og avsløre svindel. Dette er færre enn OECD-gjennomsnittet.
  • I undersøkinga TALIS 2018 er det færre lærarar i Noreg (65 prosent) som seier at dei føler at dei har et godt grunnlag for å lære elevane kritisk tenking enn lærarar i dei andre nordiske landa. I Danmark svarer til dømes 92 prosent det same.

– Denne rapporten viser veldig godt korleis vi kan bruke PISA til å få ny kunnskap om korleis vi skal utvikle kvalitet i norsk skule. Det er alvorleg at opplæringa i skulen ikkje har vore systematisk nok. Det er viktig at vi får fleire gutar til å lese betre, og det er viktig å sjå på dei sosiale forskjellane. Kven foreldra dine er, skal ikkje vere avgjerande for om du lærer å lese godt nok. Skulen må bli enda betre til å løfte alle, seier Melby.  

Utdanningsdirektoratet skal no sørge for å bruke funna til å vidareutvikle etter- og vidareutdanningstilbodet til lærarane.

– Forskinga frå PISA gir oss god kunnskap om korleis lærarane underviser og om erfaringane elevane har med kritisk lesing. Vi vil bruke funna til å vidareutvikle etter- og vidareutdanningstilbodet til lærarane. Det er viktig at elevane utviklar kompetanse i å lese kritisk, slik vi også har lagt større vekt på i dei nye læreplanane i fagfornyinga, seier direktør i Utdanningsdirektoratet Hege Nilssen.

Fakta: Regjeringa tar fleire grep for å styrke kritisk lesing.

  • I statsbudsjettet for 2021 vil regjeringa gje 5 millionar til Faktisk.no. Det skal gå til å vidareutvikle  undervisningsressursen TENK. Undervisningsopplegga handlar blant anna om kritisk mediebruk og kjeldebevisstheit, og legg til rette for elevaktivitet og refleksjon. Det blir lagt ut digitalt, opent og tilgjengeleg for alle.

  • Over fleire år har Utdanningsdirektoratet fått i oppdrag å utvikle nettressursen Språkløyper.no. Den innehald kompetanseutviklingspakkar som skal brukast i profesjonelle læringsfellesskap i barnehagar og skular over tid, og er gratis å bruke. Dei består av fagstoff, spørsmål og oppgåver, og kan også brukast av enkeltlærarar. Kritisk lesing eit viktig tema i fleire av desse pakkane.

  • Kritisk lesing har fått ein større plass i dei nye læreplanane som blei innførte hausten 2020. Døme på kompetansemål :
  • Norsk 10. trinn: Bruke kjelder på ein kritisk måte, markere sitat og vise til kjelder på ein etteretteleg måte i eigne tekster
  • Samfunnsfag 7. trinn: Samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
  • Samfunnsfag 10. trinn: Vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår
  • Matematikk 9. trinn: Tolke og kritisk vurdere statistiske framstillingar frå media og lokalsamfunnet
  • Naturfag Vg1: Drøfte aktuelle helse- og livsstilspørsmål og vurdere pålitelegheit i informasjon frå ulike kjelder

Les meir om leseferdigheitene til norske elevar og resultata frå PISA 2018 som blei presenterte i desember 2019 i pressemelding.

Les heile analysen i rapporten Like muligheter til god leseforståelse? 20 år med lesing i PISA .