Mange gode kandidatar til Bygdeutviklingsprisen 2015
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.11.2015
Kven stikk av med 250 000 kroner, heider og ære som vinnar av den nasjonale Bygdeutviklingsprisen for 2015? Svaret får vi i den norske ambassaden i Berlin torsdag 14. januar 2016 i samband med Internationale Grüne Woche.
Bygdeutviklingsprisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra fylkesvise vinnarar som får 50 000 kroner.
Fylkesvinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner. 3 av fylkesvinnarar vert nominert til den nasjonale prisen og invitert til Berlin, kven dette er vert offentleggjort seinare.
Kandidatane vert vurdert etter:
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Nyskaping/originalitet
- Sosial og miljømessig berekraft, her under utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet
- Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom