Historisk arkiv

Marianne Andreassen leiar for Senter for statleg økonomistyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Finansdepartementet

88/2003

Regjeringa har i dag utnemnd Marianne Andreassen (42) som direktør og leiar for det nyoppretta Senter for statleg økonomistyring (SSØ). (10.10.2003)

Pressemelding

Nr.: 88/2003
Dato: 10.10.2003
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09, mobil 913 22 811/Runar Malkenes, telefon 22 24 41 31, mobil 95 21 42 83

Marianne Andreassen leiar for Senter for statleg økonomistyring

Regjeringa har i dag utnemnd Marianne Andreassen (42) som direktør og leiar for det nyoppretta Senter for statleg økonomistyring (SSØ).

Etablering av SSØ frå 1. januar 2004 skal styrke økonomistyringa i staten. Senteret vil bli oppretta med ei sentral eining i Oslo og seks regionkontor i Tromsø, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen og Hamar. Den sentrale eininga skal vere eit relativt lite ekspertorgan, og vil primært utføre forvaltningsoppgåver og gje råd og avgjerdsgrunnlag for Finansdepartementet. Dei seks regionkontora skal vere leverandør av fellestenester til statlege verksemder (lønns- og rekneskapstenester, systemtenester og fellestenester).

Marianne Andreassen er i dag konserndirektør i Sparebank 1 Gruppen. Ho er cand.oecon, og har brei erfaring frå offentleg sektor og frå næringslivet. Ho har tidlegare vore seniorøkonom i Gjensidige NOR, og har i fleire periodar vore statssekretær, i mellom anna Finansdepartementet. Andreassen har hatt ein rekke styreverv, og ho leia Statsbudsjettutvalet, som la fram si innstilling tidlegare i år.