Historisk arkiv

Nato og EU vil sikre den maritime tryggleiken gjennom samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Europaportalen

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Maritim tryggleik og samarbeid var tema då representantar får EU og Nato møttest på Norges hus denne veka.

Maritim tryggleik og samarbeid var tema då representantar frå EU og Nato møttest på Norges hus denne veka.

Spørsmåla om korleis vi skal oppretthalde tryggleiken i det maritime domenet i framtida er viktig i ei verd som endrar seg raskare og raskare. Både EU og Nato har fokus på dette denne hausten. Nato fordi dei skal operasjonalisere sin maritime strategi frå 2011, og EU gjennom arbeidet med ein handlingsplan for å følgje opp sin maritime tryggleiksstrategi som blei godkjent sist sommar. Begge organisasjonane understrekar behovet for å samarbeide med kvarandre.

Lunsjseminaret på Norges Hus i Brussel 29. september blei arrangert av Norges delegasjon til EU og Nato saman med tenketanken Egmont. I panelet sat Stephen Evans og Jeanette Morang frå Nato, Maciej Popowski frå EU sin felles utanriksteneste (EEAS), Alessandro Cortese frå det italienske presidentskapet til Rådet for den europeiske union og Luis Simón frå Vrije Universiteit Brussel.

Auka merksemd
Det er stor semje om at Nato og EU må vie auka merksemd til den maritime tryggleiken, og at medlemslanda må  utvikle sin marine kapasitet vidare. Eit anna tema som har vore diskutert lenge er korleis EU og Nato best kan samarbeide. Det er allereie stor grad av samarbeid mellom dei to, til eksempel i operasjonane Atalanta og Ocean Shield på Afrikas Horn i samband med pirat-trusselen. I dei to organisasjonane sine maritime strategiar understrekast også eit sterkt behov for samarbeid.

Dei siste åra har vi sett ei endring i maktforholdet mellom sjøfartsnasjonane i verda, noko som på sikt kan utfordre havretten og fri ferdsel til havs. Havretten er eit sentralt rammeverk for å regulere internasjonal skipsfart, og har sitt opphav i vestleg tenking.

Global kontekst
Mellom anna har fleire land i Søraust-Asia starta oppgraderingar av sin sjømilitære kapasitet. Men også sentrale Nato-partnarar som Australia gjer det same. Dei har bestilt fleire nye u-båtar, noko som vil gjere landet til ein global spelar innanfor maritim tryggleik.

Vi må tilpasse oss eit meir og meir kaotisk verdsbilete, med meir rørsle og fleire aktørar. Det er viktig å halde auge med kva som kan bli truslar på lang sikt, sa Stephen Evans, assisterande generalsekretær for operasjonar i Nato, som meiner at det maritime domenet må sjåast i ein global kontekst, og at overvaking og eit oppdatert maritimt situasjonsbilde er faktorar som blir stadig viktigare.

Mellom anna har fleire land i Søraust-Asia starta oppgraderingar av sin sjømilitære kapasitet. Men også sentrale Nato-partnarar som Australia gjer det sam. Dei har bestilt fleire nye u-båtar, noko som vil gjere landet til ein global spelar innanfor maritim tryggleik.

– Vi må tilpasse oss eit meir og meir kaotisk verdsbilete, med meir rørsle og fleire aktørar. Det er viktig å halde auge med kva som kan bli truslar på lang sikt, sa Stephen Evans, assisterande generalsekretær for operasjonar i Nato, som meiner at det maritime domenet må sjåast i ein global kontekst, og at overvaking og eit oppdatert maritimt situasjonsbilde er faktorar som blir stadig viktigare.

Samarbeid på tvers i EU
I framtida vil fleire europearar bu i byar, og storparten av dei vil leve i ein by ved kysten. I tillegg er det venta auka frakt av varer på havet, noko som også gjer det meir naudsynt å sørge for at handelsflåten er trygg og får levere varene sine. 23 av EU-statane er kyststatar og det fins rundt 1200 kommersielle hamner i EU.

Popowski, direktør for tryggleikspolitikk i EU/EEAS, viste til at EU forheld seg til eit breitt sett av truslar, og at det stadig oftare kjem «krav» om bruk av sjømilitære ressursar for å ivareta tryggleiken til havs i samband med sivile eller kommersielle interesser.  Han la også vekt på at maritim tryggleik rører ved mange politikkområder, og det difor er etablert eit breitt samarbeid på tvers av institusjonane i EU.

– Ei utvikling i retning av mindre føreseielegheit i det maritime domenet, og framveksten av nye sjømilitære maktsenter vil kunne krevje at også EU fokuserer meir på det sjømilitære aspektet innanfor maritim tryggleik, hevda professor Luis Simón frå Vrije Universiteit i Brussel. Han viste også til behovet for å sjå den regionale utviklinga i ein global samanheng.

Ambassadør Alessandro Cortese opplyste at det italienske formannskapet er svært opptatt av arbeidet med handlingsplanen for EU sin maritime tryggleiksstrategi. Mellom anna har Italia sirkulert eit ikkje-papir om maritim tryggleik i både EU og Nato, for å sikre gjensidig informasjonsutveksling mellom dei to organisasjonane.

Cortese viste elles til at det vil vere ressurskrevjande å møte dei utfordringane Europa står ovanfor i det maritime domenet på en god måte. Det er difor viktig at de to organisasjonane samarbeider, mellom anna om kapabilitetsutvikling.

Felles militære øvingar
Fleire av paneldeltakerane viste til at felles militære øvingar kan vere eit steg vidare i samarbeidet. Nokon peika også på handtering av situasjonen i Guinea-bukta som eit mogeleg samarbeidsprosjekt, medan andre meinte at dette var ei sak EU best kunne ivareta på eiga hand.

– Det er viktig å starte med saker der nasjonane er einige og ser meirverdien av samarbeid mellom Nato og EU. Då vil samarbeidet opplevast som meiningsfylt og det vil bli lettare å løyse til eksempel juridiske hindringar undervegs, sa kommandør Jeanette Morang frå Natos internasjonale militære stab.

Ho hadde også erfart at medlemslanda i Nato ofte lett sluttar seg til ei avgjersle, men når det skal stillast ressursar til disposisjon for å gjennomføre den same avgjersla, er det langt færre som er villege til å bidra. Nato og EU er ulike organisasjonar med ulike formål, men det er viktig med gjensidig informasjon og å unngå dobbeltarbeid.