Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Mat- og drikkenæringa presenterer arbeid for ytterlegare reduksjon av sukker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie møter næringslivsgruppa på mat- og drikkeområdet. På møtet vil næringa presentere arbeidet sitt for korleis dei kan bidra til å redusere nordmenn sitt inntak av sukker.

I dag får vi i oss for mykje sukker. Ca. 13 prosent av energien vi et i løpet av ein dag kjem frå sukker, mens anbefalt inntak er maks 10 prosent. Reduserer vi sukkeret i maten, reduserer vi også risikoen for overvekt, diabetes 2 og karies.

Reduksjon av salt, ein intensjonsavtale om kosthald med NHO, påstandsforordninga om marknadsføring og handlingsplan for kosthald vil også bli diskutert i møtet.

Næringslivsgruppa består av aktørar frå mat- og drikkenæringa og næringslivet, mellom andre REMA 1000, Orkla, NorgesGruppen og Tine. Målet er å bli einige om tiltak som kan betre kosthaldet i befolkninga, i tråd med anbefalingane til Helsedirektoratet og måla frå Verdas helseorganisasjon om reduksjon i salt, sukker og metta feitt.

Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9

Tid:     Tysdag 31. mai, 12.00-14.00

Møtet er lukka for pressa. Det blir høve til å ta bilete etter møtet. Statsråden er også tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.