Historisk arkiv

Harald Gjein blir adm.dir. i Mattilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Harald Gjein er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Mattilsynet. Gjein kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Veterinærinstituttet.

Harald Gjein er i statsråd i dag utnemnd til ny administrerande direktør i Mattilsynet. Gjein kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Veterinærinstituttet.

Harald Gjein er 55 år gammal, veterinær og dr. scient. frå Norges veterinærhøgskole. Gjein kjem frå stillinga som administrerande direktør ved Veterinærinstituttet. I perioden 2000 til 2007 var han administrerende direktør for Norsvin.

- Jeg har en klar forventning om at Harald Gjein vil lede Mattilsynets mange kompetente og engasjerte medarbeidere slik at Mattilsynet fortsatt møter nye utfordringer og ivaretar sitt viktige samfunnsoppdrag på en god måte, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Gjein tek over etter Joakim Lystad som har vore administrerande direktør i Mattilsynet sidan oppstarten i 2004.

Harald Gjein. Ny adm.dir. i Mattilsynet
Harald Gjein er utnemnd til ny administrerande direktør i Mattilsynet. Foto: Mari Press, Veterinærinstituttet.

Mattilsynet forvaltar alle lovane som omhandlar produksjon og omsetnad av mat i heile matkjeda frå jord og fjord til bord. Dette omfattar alle verksemder innan primærproduksjon, næringsmiddelindustri, importørar, butikkar og alle typer serveringsstader. Dei viktigaste lovane Mattilsynet forvaltar er Matlova, Dyrevelferdslova og Kosmetikklova i tillegg til dyrehelsepersonellova, lov om planteforedlerrett og lov om husdyravl.

Til toppen