Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Matvarebransjen presenterer forslag til reduksjon i metta feitt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie møter næringslivsgruppa på matområdet. På møtet vil matvarebransjen presentere forslag til korleis dei kan bidra til å redusere nordmenn sitt inntak av metta feitt.

I dag får vi i oss for mykje metta feitt i kosthaldet. Ca. 15 prosent av energien vi får i oss i løpet av ein dag er metta feitt, mens anbefalt inntak er maks 10 prosent. Ein reduksjon i inntaket av metta feitt vil redusere risikoen for hjartesjukdom. På møtet vil matvarebransjen presentere forslag til korleis dei kan bidra til å redusere nordmenn sitt inntak av metta feitt. Markedsføring av usunn mat og drikke mot barn, nøkkelholmerket og reduksjon av sukker i produkt vil også bli diskutert.

Næringslivsgruppa består av aktørar frå matvarebransjen og næringslivet, mellom andre REMA 1000, Orkla, NorgesGruppen og Tine. Målet er å bli einige om konkrete tiltak som kan bidra til å betre kosthaldet i befolkninga i tråd med kostanbefalingane til Helsedirektoratet og måla frå Verdens helseorganisasjon om reduksjon i salt, sukker og metta feitt.

Stad: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9

Tid: Onsdag 9. desember, 10.00-12.00

Møtet er lukka for pressa. Det blir høve til å ta bilete ved oppstart av møtet og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar før og etter møtet.