Historisk arkiv

Med Jon Georg på bondepub

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Dagane som landbruks- og matminister kan vere mangslungne og varierte. Den eine dagen er det blådress, møte med kinesisk minister, underteikning av protokoll med alle diplomatiske formalitetar. Neste dag er det bondepub i verkstadhallen hjå Felleskjøpet i Volda. Her var statsråd Jon Georg Dale beden om å innleie med temaet – Er det plass for vestlandsbonden i framtidas landbruk? Utan at han sa det direkte, var kortversjonen av Dale sitt innlegg eit klart ja på det spørsmålet.

– Det går bra i norsk jordbruk. Forbrukarane har tillit til den norske bonden og vél gjerne norske produkt i butikken, sjølv om dei ligg side om side med billigare importvarer, sa Dale, og viste til mange piler som går rette vegen: Betre inntekter - også på vestlandsbruk, høge investeringar, sterk produktivitetsauke, mindre nedgang i areal, auke i kornarealet, fleire mordyr for første gong på 15 år i storfekjøttproduksjonen vil etter kvart gi mindre import, Noreg er nå sjølvforsynt med lammekjøtt. 

Eit hundretals bønder nytta fredagskvelden til drøs med kollegaer, spekemat, øl og treff med  landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
Eit hundretals bønder nytta fredagskvelden til drøs med kollegaer, spekemat, øl og treff med landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Mi viktigaste oppgåve er å gi ikkje minst ungdomen trua på norsk jordbruk, slik at dei får lyst til å satse og drive i denne næringa, sa Jon Georg Dale. – Folk må sjå og ha trua på at det er mogleg å ha ei grei inntekt som bonde. Vi må få opp matproduksjonen, og da må bøndene få høve til auke produksjonen kvar på sin gard, understreka Dale. 

Arbeidsdeling

Spesielt med tanke på vestlandsbonden trakk Dale fram arbeidsdelinga i norsk jordbruk. – Vi må produsere korn på flatbygdene der tilhøva ligg til rette for det, og så må vi ha gras, mjølk- og kjøtproduksjon i andre delar av landet. Derfor må vi gi mindre tilskot til grasdyrking på flatbygdene, sa Dale, og varsla nye tak om dette i årets jordbruksforhandlingar. – Av same grunn vil eg legge om beiteordningane frå innmark til utmark. Dette vil motverke sentralisering og styrke mellom anna vestlandsfylka, sa landbruks- og matministeren. Han varsla også sterk satsing på investeringar:  I fjor ga staten meir til investering enn jordbruket kravde. Kanskje det blir slik i år også? undra han. 

Knut Hustad (t.h.) hadde eitt og anna å melde til ministeren.
Knut Hustad (t.h.) hadde eitt og anna å melde til ministeren. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Frå salen kom spørsmål og kritiske merknader til at det blir slutt på eksportsubsidiar på mjølk, og nyss avslutta Artikkel 19-forhandlingar som åpnar for meir import frå EU. Dale gjekk gjennom WTO og EØS-avtalane og konkluderte:  Norsk jordbruk vil møte,  og må innstille seg på, auka konkurranse. Det er ingen veg utanom. 

Til sist var det tid for applaus aldri så lite god-ord til ministeren. – Du har sett jordbruket på dagsordenen. Du er den første landbruksministeren som har skore kjøt på TV!