Med leverandørindustrien til Egypt

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde deltek under Egypt-Norway Technology Days i Kairo. I sitt innlegg presenterte statssekretæren det norske rammeverket for petroleumsverksemda og den internasjonale aktiviteten til bransjen.

Den internasjonale omsetnaden til norske oljeserviceselskap var på 190 milliardar kroner i 2015. Dette utgjorde om lag 40 prosent av den totale omsetnaden.

Norsk leverandørindustri sit på verdsleiande kompetanse. Det faktum at industrien er til stades i nær 100 land, viser at teknologien er etterspurt verda over. Gjennom den erfaringa som er bygd opp gjennom fleire tiår på norsk sokkel, vil norske selskap også vere attraktive samarbeidspartnarar når Egypt skal utvinne sine djupvassressursar i Middelhavet, seier statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP).

F.v.: Ambassadør Sten Arne Rosnes, statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Egypts petroleumsminister Tarek Molla (foto:OED).

F.v.: Ambassadør Sten Arne Rosnes, statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Egypts petroleumsminister Tarek El Molla (foto:OED).

Ein delegasjon med 22 norske verksemder deltok under arrangementet, saman med representantar for den egyptiske olje- og gassindustrien og egyptiske og norske styresmakter. Egypt-Norway Technology Days blei arrangert i eit samarbeid mellom det egyptiske oljedepartementet og Norwegian Energy Partners, den nye organisasjonen for å fremje norsk petroleums- og energiindustrien internasjonalt.