Historisk arkiv

Medietilsynet inviterer til innspelmøte om trygg digital oppvekst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

I samband med arbeidet med ei kulturmelding for barn og unge, der målet er å sikre best mogeleg kunst og kultur for barn og unge, arrangerer Medietilsynet eit innspelsmøte om trygg digital oppvekst 30. oktober.

Meldinga skal sjå nærmare på barne- og ungdomskulturen som ein del av kvardagslivet til barn og unge. Eit viktig tema i meldinga blir korleis vi best mogleg kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen. Det inkluderer blant anna dei unge sin rolle som produsentar og rammene for ytring og deltaking på digitale plattformer.

Medietilsynet har ansvar for å bidra til å trygge den digitale oppveksten for barn og unge og skal bidra til meldingsarbeidet innanfor dette temaet. I det høvet inviterer tilsynet til opent innspelmøte 30. oktober kl. 10.00–14.00 på Litteraturhuset, Amalie Skram, Oslo.

For meir informasjon og påmelding, sjå nettsida til Medietilsynet