Historisk arkiv

Forsøk med ein eller to karakterar i norsk:

Lærarane meiner færre karakterar gir betre læring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Fleire av lærarane som er med i forsøket med ein eller to karakterar i norsk på vidaregåande skole, seier dei er blitt betre norsklærarar.

Ein ny rapport frå NIFU viser at mange norsklærarar har positive erfaringar med ei meir fleksibel vurdering av elevane.

–  Dette er ein interessant rapport. Fleire av lærarane opplever at dei får  tid til å gi ei grundigare opplæring i norskfaget med ei slik ordning. Også elevane seier at dei opplever at undervisinga er meir variert, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Lærarane seier dei kan gi elevane fleire uformelle vurderingar utan å bli «forstyrra» av krav til dokumentasjon av dei tre karakterane i halvårsvurderingane. Fleire lærarar seier dei opplever seg sjølv som betre norsklærarar på grunn av forsøket med færre karakterar.

Meir skriveopplæring

Ifølge rapporten seier lærarane at dei får betre tid til å jobbe med elevane gjennom heile skriveprosessen – og at det er meir rom for å gi elevane gode, faglege tilbakemeldingar som gjer at dei kan utvikle seg.

– Endringane i skriveopplæringa gjeld ifølge lærarane både hovudmål og sidemål, og sikrar difor elevane mengdetrening også i å skrive på sidemål. Dette er ei viktig tilbakemelding frå norsklærarane, understrekar Røe Isaksen.

Elevane ser både fordelar og ulemper med færre karakterar i norskfaget. Ein fordel er at ein svak karakter til dømes i sidemål kan bli "dratt opp" av ein sterk innsats i munnleg. Ei ulempe er at det kan bli mange middels gode karakterar, og det kan vere vanskeleg å vite kor ein "står" i faget.

Forsøk frå hausten 2013

Hausten 2013 starta forsøket med ein eller to karakterar i halvårsvurderinga i norsk på vidaregåande skole. I 2014 blei forsøket utvida til også å gjelde åttande og niande trinn på ungdomsskolen. Det er ingen endringar i kva elevane skal lære, og elevane skal fortsatt ha tre standpunktkarakterar i norsk på vitnemålet.

Norsk er det største og mest omfattande faget i skolen og antall karakterar i faget har vore eit tema lenge.

– Vi må sjå på om forsøket med færre karakterar i norsk kan gi oss nokre løysingar på utfordringane med undervising og vurdering i norsk, seier kunnskapsministeren.

Heile rapporten kan du lese her.