Historisk arkiv

Meir biodrivstoff til vegtrafikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Frå 1. oktober skal minst 5,5 prosent av drivstoffet til vegtrafikk vere biodrivstoff. Kravet i dag er minst 3,5 prosent biodrivstoff. Dette blir i hovudsak oppfylt ved å blande inn biodrivstoff i bensin og diesel.

– Transport står for om lag éin tredel av dei norske klimagassutsleppa. Biodrivstoff kan vere ein del av løysinga for å redusere utsleppa dersom det er berekraftig produsert, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Biodrivstoff i omsetnadskravet skal oppfylle kriterium for berekraftig produksjon. Desse kriteria vart innførte 1. januar 2014. Kriteria følgjer av EØS-avtala, og Noreg følgjer prosessen i EU for å utvikle og forsterke desse vidare.

Størsteparten av biodrivstoffet som vart selt i Noreg i 2014 var importert biodiesel frå raps. Det blir òg produsert noko biodrivstoff frå norsk skogsavfall, men denne delen var liten i 2014.

Det auka omsetnadskravet er fastsett gjennom ei endring av produktforskrifta. Bensinstasjonkjedene rapporterer om omsett biodrivstoff til Miljødirektoratet for kvart kalenderår. Frå januar til september er kravet 3,5 prosent, og frå oktober til desember blir kravet no 5,5 prosent. Det samla kravet blir dermed 4,0 prosent i gjennomsnitt for året 2015.

Stortinget vedtok 19. juni at biodrivstoff ut over omsetnadskravet ikkje skal vere omfatta av vegbruksavgift frå 1. oktober, og la til grunn at kravet blir auka frå same tidspunktet. Klima- og miljødepartementet følgjer med dette opp auken av omsetnadskravet.

Endring av produktforskrifta (pdf)

Norske biler kjører på sertifisert biodrivstoff (Miljødirektoratet)