Historisk arkiv

Meir differensierte verkemiddel naudsynt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Er det tenleg å krevje høgare innovasjonsgrad i dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla? spør Oxford Research i ein ny rapport. - Nei, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. - Innovasjon er viktig, men det er meir viktig å målrette verkemidla.

Er det tenleg å krevje høgare innovasjonsgrad i dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla? spør Oxford Research i ein ny rapport. - Nei, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. - Innovasjon er viktig, men det er meir viktig å målrette verkemidla.

Oxford Research har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet laga rapporten I pose og sekk? Utredning om hensiktsmessigheten ved et høyere innovasjonsinnhold i de distrikts- og regionalpolitiske virkemidlene.

- Rapporten viser at det er viktig og riktig å føre ein aktiv distriktspolitikk. Det kjem mellom anna fram at verksemder og etablerarar i distrikta ikkje brukar verkemiddelapparatet mykje meir enn byane. Men dei brukar andre verkemiddel tilpassa deira utfordringar, seier Navarsete.

Distrikta og sentrale strok har ulike utfordringar. Det er derfor naudsynt å bruke ulike verkemiddel tilpassa dei ulike regionale føresetnadane rundt om i landet.

Rapporten viser mellom anna at det er eit avgrensa potensial for å auke krava til innovasjon i utkantane. Det vil ha negative konsekvensar for verksemder og etablerarar i distrikta. Dersom krava til innovasjon aukar, vil godt over halvparten av alle prosjekt som Innovasjon Noreg finansierer bli avslått i enkelte fylke.

Oxford Research slår fast at innovasjon løner seg. Innovative verksemder har ei meir positiv utvikling enn ikkje-innovative, uavhengig av storleik, næring og sentralitet. Frå eit sysselsetjingsperspektiv er biletet meir komplisert. Til dømes skaper produktinnovasjon fleire arbeidsplassar enn prosessinnovasjon.

- Denne rapporten viser kor naudsynte dei distriktspolitiske verkemidlane er for å skape arbeidsplassar i distrikta, seier Navarsete. I ei tid med høgt press på byområde og sentrale deler i landet er aktiv distriktspolitikk særs viktig for å oppretthalde god regional balanse i landet vårt.

Rapporten vil bli følgd opp i den nye stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikk.



Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.