Historisk arkiv

Meir fleksible reglar i foreldrepengeordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad ønskjer meir fleksible reglar og at foreldre skal få større moglegheit til sjølv å velje når dei skal ta ut foreldrepengar. Han sender derfor på høyring forslag om fri utsetjing av foreldrepengar.

- Reglane vi har i dag, er ikkje godt nok tilpassa familiane sin situasjon. Med desse forslaga får foreldre større fridom til å ta ut foreldrepengar når det passer best for dei. Ikkje minst vil vi unngå at nye fedrar mister foreldrepengar fordi dei har søkt for seint, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

I dag kan foreldre utsetje foreldrepengane når dei arbeider på heiltid, men ikkje ved deltidsarbeid. Foreldre kan heller ikkje utsetje viss dei studerer. Forslaget inneber at foreldre kan utsetje foreldrepengane uavhengig av årsak.

Regelen om at foreldre må ta ut foreldrepengane innan barnet fyller tre år blir vidareført.

Nokon fedrar har mista foreldrepengar fordi dei har søkt for seint. Med endringa departementet føreslår nå, vil vi hindre at nye fedrar kjem i same situasjon. Forslaga vil òg gje eit enklare regelverk for foreldra og for NAV.

- Det viktigaste for meg er at foreldra får mest mogleg tid med barna sine i ein spesielt viktig periode i livet. Eg trur forslaget om fri utsetjing vil gjere det mykje enklare for familiane å få kvardagen og logistikken til å gå opp, seier statsråden.

Forslaget blir no sendt på offentleg høyring med frist 22. desember.

Les høyringsforslaget her.