Historisk arkiv

Meir investeringsmidlar i landbruket til unge under 35 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I 2016 gjekk 29 prosent av investeringstilskota til personlege støttemottakarar frå Innovasjon Norge til personar under 35 år. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2015, og ein markant auke frå 2010/11, då 19 prosent av tilskota gjekk til unge under 35 år.

– Bruken av investeringsverkemidlar i landbruket viser satsingsvilje og optimisme blant yngre gardbrukarar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Investeringsverkemidla er viktig for rekruttering til landbruket, både fordi unge investerer i større grad enn eldre og delvis fordi  mange eldre som investerer gjer dette for å legge til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er difor særskilt prioritert i delar av regelverket. I jordbruksmeldinga er dette foreslått forsterka, seier Dale. 

574,5 millionar kroner

Over jordbruksavtala blir det løyvd tilskotsmidlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I 2017 er det avsett 574,5 millionar kroner til formålet. Innovasjon Norge sin rapport for 2016 viser at det er stor etterspurnad etter midla. Totalt vart det innvilga i overkant av 544,4 millionar kroner i støtte fordelt på 1060 søknader. Investeringsverkemidla skal både leggje til rette for modernisering og effektivisering i det tradisjonelle landbruket og til auka sysselsetting innan andre landbruksbaserte næringar.

Mjølk- og storfeproduksjon dominerer

84 prosent av tilskotsmidla gjekk til investeringar i tradisjonelt landbruk, der investeringsprosjekt innan mjølk- og storfeproduksjon dominerer. Gjennomsnittsprosjektet innan mjølkeproduksjon hadde i 2016 ei kostnadsramme på 5,3 millionar kroner, mottok 760 000 kroner i støtte (14 prosent) og utløyste dermed i overkant av 4,5 millionar kroner i annan kapital.