Historisk arkiv

Meir miljøvennleg og effektiv transport i Bergen - grønt lys for andre etappe av Bybanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Ei utviding av Bergensprogrammet legg til rette for ei vidare utvikling av eit meir miljøvenleg og effektivt transportsystem, med vekt på eit godt kollektivtilbod og betre forhold for fotgjengarar og syklistar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Ei utviding av Bergensprogrammet legg til rette for ei vidare utvikling av eit  meir miljøvenleg og effektivt transportsystem,  med vekt på eit godt kollektivtilbod og betre  forhold for fotgjengarar og syklistar. Dette styrkjer Bergensområdet, som er ein av dei viktigaste økonomi-,  kompetanse-  og innovasjonsregionane i landet. Området er viktig for verdiskaping på Vestlandet og elles i landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

 Regjeringa la i statsråd i dag fram forslag om utviding og finansiering av ”Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø”.

Hordaland fylkeskommune er etter forvaltningsreforma ansvarleg for Bergensprogrammet, medrekna bygging og drift av Bybanen. Finansieringa av Bergensprogrammet er frå 2010 basert på fylkeskommunale midlar og bompengar.

Forslaget, som vart lagt fram i statsråd i dag, legg opp til å vidareføra bompengeordninga i 10 år, frå 2015 til 2025. Dette gjer det mellom anna mogeleg å vidareføra arbeidet med dei to viktigaste prosjekta i Bergensprogrammet,  Bybanen og Ringveg vest.

Første etappe for desse prosjekta skal etter planen opnast for trafikk i 2010.

Første etappe av Bybanen omfattar den om lag 10 kilometer lange strekninga frå Bergen sentrum til Nesttun, medan andre etappe omfattar den om lag 3,6 kilometer lange strekninga frå Nesttun til Rådal. Andre etappe har ei kostnadsramme på 1 620 millionar 2010-kroner.

Første etappe av prosjektet Ringveg vest er den om lag 2,5 kilometer lange strekninga frå Dolvik til Sandeide, medan andre etappe omfattar bygging av den om lag 4,3 kilometer lange strekninga Sandeide - Liavatnet. Andre etappe har ei kostnadsramme på 1 810 millionar  2010-kroner.

Bergensprogrammet har som mål å redusera biltrafikken, styrkja kollektivtrafikken med buss og bybane og rusta opp sentrumsområde som er blitt avlasta for biltrafikk. Utbygging av eit samanhengjande gang- og sykkelvegnett til og gjennom byen, er òg ein viktig del av programmet.

I forslaget frå regjeringa blir det vist til at Bergen har store utfordringar knytt til framkomst og lokal luftkvalitet.  Samferdselsdepartementet varslar at ein vil sjå positivt på ei eventuell innføring av verkemiddel som køprising og tidsdifferensierte bompengetakstar. Innføring av slike verkemiddel må byggja på lokale initiativ.

Bybanen er eit viktig ledd i ein framtidsretta og miljøvenleg strategi for eit betre transportsystem i Bergen. I den grad Bergen oppfyller vilkåra for midlar frå Samferdselsdepartementet si ”Belønningsordning for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda”, kan slike midlar nyttast til å delfinansiera  forlenging av Bybanen. Departementet vil ved tildeling av midlar frå ordninga stilla strenge krav om trafikkregulerande tiltak for å få ned bilbruken.     

I forslaget blir det vist til at det er behov for å klargjera rutinane for  prioriteringar og start av nye prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet. Samferdselsdepartementet vil ta initiativ til dialog med Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om dette.

Fleire opplysningar:

Kartskisse:

Kartskisse - Bergensprogrammet