Historisk arkiv

Meir pengar til vedlikehald av fylkesvegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Stortinget auka i fjor tilskotsordninga for vedlikehald av fylkesvegar med 400 millionar kroner. No kan fylkeskommunane søke om desse pengane i 2021. Dermed sørger vi for at òg fylkesvegnettet får eit ekstra løft, som gir betre og tryggare vegar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Auken blei vedteken seint i fjor, så dei 400 millionar kronene ekstra gjeld for 2021. Det er ikkje krav om delfinansiering frå fylkeskommunane, og tiltaka skal vere retta mot generelt vedlikehald av fylkesvegane.

- Dette er tiltak som kjem i tillegg til prosjekter og tiltak som allereie er planlagde for 2021 av fylkeskommunane. Derfor fører dette til enda meir vedlikehald av fylkesvegane. Mange stader er det eit stort behov for oppgradering. No har fylkeskommunane ein gylden sjanse til å få ekstra midlar til dette, som dei har etterspurt mange gongar. Eg håper dei nyttar han, til det beste for folk og næringsliv i heile landet, seier Hareide.

For desse 400 millionar kronene er det ikkje krav om at tiltaka skal vere særskilt viktige for sjømatnæringa. Resten av ordninga på 91,5 millionar kroner, som var dei ordinære midlane for 2020, har dette kravet. Det er Statens vegvesen som forvaltar ordninga. Søknadsfristen er 15. februar.