Historisk arkiv

Meir samarbeid om «framtidas arbeidsliv»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Dei nordiske arbeidsministrane vil samarbeide for å møte utfordringar i framtidas arbeidsliv som rask omstilling og endringar, utfordringar for den nordiske modellen, digitalisering og delingsøkonomi.

Generalsekretær i Nordisk ministerråd, Dagfinn Høybråten og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Generalsekretær i Nordisk ministerråd, Dagfinn Høybråten, og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. Foto: Håkon Jacobsen

Tysdag 28. november var dei samla i Oslo for å delta i Ministerrådet for arbeidsliv. Denne gongen var også arbeidslivsforskarar og arbeidslivets partar invitert med. I tillegg til framtidas arbeidsliv sto arbeidsmiljø og integrering av flyktningar på dagsordenen. 

Nytt samarbeidsprogram

Dei nordiske ministrane vedtok eit nytt samarbeidsprogram som er den strategiske plattforma for det nordiske samarbeidet på arbeidslivsfeltet for åra 2018–2012. 

– Vi står framfor store endringar i arbeidslivet, og det nordiske samarbeidet kan gi meir innsikt og  inspirasjon til nasjonal politikkutvikling fordi vi utvekslar erfaring og kunnskap. Framover vil vi legge meir vekt på spørsmål knytta til framtidas arbeidsliv. Det gjeld mellom anna digitalisering, automatisering, delingsøkonomi og dei følgjene dette kan gi for arbeidsmiljø og tilsettingsformer, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, som er leiar for Ministerrådet i 2017.

Meir enn hygge

Eit hovedpoeng i bolken om arbeidsmiljø var at nysatsingar på arbeidsmiljøet i Norden kan vere nøkkelen til fortsatt høg konkurransekraft.

– Arbeidsmiljø er eit undervurdert verktøy både for å øke sysselsettinga og møte framtidas arbeidsliv, sa innleiar Pål Molander som er direktør for Statens arbeidsmiljøinstitutt. 

Hauglie peika på moderne arbeidsmiljøforskning som syner at manglar i det organisatoriske arbeidsmiljøet – rollekonflikter, utydelege krav, utydeleg ansvarsfordeling – gjer menneske sjuke. 

– Fleire må orke å jobbe heiltid, og færre må bli utbrent og sjuke av arbeidet sitt. I den samanhengen trur eg at godt arbeidsmiljø handlar meir om korleis vi organiserer arbeidet, og mindre om «hygge», sa Hauglie. 

Dårlig miljø, dårlig helse

Arbeidsmarknadsminister Ylva Johansson fra Sverige la til at manglar i det organisatoriske og sosiale arbeidsmiljøet gir mange arbeidstakarar med dårleg helse i Sverige. Ikkje minst gjeld dette i helse- og omsorgssektoren, der sjukmeldingstala er høge.

– Da vi undersøkte kvifor kvinner er meir sjuke enn menn, blei konklusjonen at det ikkje handlar om kjønn. Det handler i staden om korleis vi organiserer arbeidet i bransjane der kvinner dominerer, sa Ylva Johansson.

Arbeidsmarknadsminister Ylva Johansson og Ämnesråd Dan Grannas frå Sverige i profil.
Arbeidsmarknadsminister Ylva Johansson og Ämnesråd Dan Grannas frå Sverige. Foto: Håkon Jacobsen

#Metoo eit varsku

Johansson meinte #Metoo-kampanjen som no går frå bransje til bransje, er eit varsku om manglande arbeidsmiljøarbeid.

Også i Danmark arbeider dei med å snu ei negativ utvikling av arbeidsmiljøet. Sidan i sommer har ekspertar og partane i arbeidslivet samarbeida om å kartlegge problema og freista å finne løysingar. 

Tenleg for produktiviteten

– Utgangspunktet for oss er at eit godt arbeidsmiljø er tenleg for produktiviteten og dermed for heile landet, sa avdelingssjef Lasse Boje, som møtte for minister Troels Lund Poulsen på møtet.

Bilde

Gruppebilde av nordiske arbeidsministre: Frå venstre: Seniorrådgiver Ingi Valur Jóhannsson (Island) Arbeidsmarkedsminister Ylva Johansson (Sverige) Sosial- og helseminister Pirkko Mattila (Finland) Avdelingssjef Lasse Boje (Danmark) Generalsekretær Dagfinn Høybråten (Nordisk Ministerråds sekretariat) Statsråd Anniken Hauglie (Norge) Departementssjef Rúni Joensen (Færøyene) Arbeidsminister Jari Lindström (Finland).
Frå venstre: Seniorrådgiver Ingi Valur Jóhannsson (Island) Arbeidsmarkedsminister Ylva Johansson (Sverige) Sosial- og helseminister Pirkko Mattila (Finland) Avdelingssjef Lasse Boje (Danmark) Generalsekretær Dagfinn Høybråten (Nordisk Ministerråds sekretariat) Statsråd Anniken Hauglie (Norge) Departementssjef Rúni Joensen (Færøyene) Arbeidsminister Jari Lindström (Finland). Foto: Håkon Jacobsen
Arbeidsminister Jari Lindström og regjeringsråd Lippe Koivuneva fra Finland lytter til tolk med hodetelefoner.
Arbeidsminister Jari Lindström og regjeringsråd Lippe Koivuneva fra Finland. Foto: Håkon Jacobsen
Møterom i regjeringens representasjonsbolig. Møte i Ministerrådet for Arbeidsliv.
Møte i Ministerrådet for Arbeidsliv. Foto: Håkon Jacobsen