Historisk arkiv

Meir sei i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har sett totalkvoten for fiske av nordaustarktisk sei til 150 000 tonn i 2017. Dette er 10 000 tonn meir enn for 2016.

- Etter ein lengre periode med nedgang i gytebestanden av sei nord for 62°N, er det gledelig at det no for tredje år på rad er grunnlag for ei auke av totalkvoten, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Forvaltninga av sei byggjer på ein strategi som Det internasjonale råd for havforsking (ICES) i 2007 vurderte til å vere i tråd med føre-var-prinsippet, og ICES har i dei seinare åra også teke i bruk ein ny statistisk berekningsmodell som handterer usikre data betre.

Kvoten for 2017 er sett i tråd med tilrådinga frå ICES. Sei nord for 62°N er ein norsk bestand, og Noreg forhandlar ikkje med andre land om kvotefastsetting og forvaltningsopplegg.